Ulstein og Evomec løyser logistikkutfordringar med MODEX

Modex består av eit flyttbart dekk plassert på eit skinnearrangement. Lastedekket kan låsast i tre forhandsdefinerte posisjonar og er mekanisk låst under transportetappar. Systemet kan også etterinstallerast på eksisterande skip med moderate ombyggingar.
MODEX™ er utvikla av Ulstein Design saman med Evomec. MODEX er eit flyttbart dekk som vil kunne auke dekksarealet på eit plattform forsyningsfartøy med 20-25 prosent.

MODEX (Movable deck extender) er eit ekstra lastedekk som er flyttbart oppe på cargo railen til skipet. For eit plattform forsyningsfartøy (PSV) av typen ULSTEIN PX105 vil dette bety ei verdifull auke av lastedekkarealet på 23,5 prosent (235 m2).
– Samarbeidet mellom aktørane i MODEX sitt utviklingsprosjekt belyste tema som førte til fleire operasjonelle forbetringar enn først tenkt. Dette illustrerer kor viktig det er å samhandle og utfordre kvarandre for å oppnå synergiar som er langt større enn det ein enkelt aktør hadde oppnådd aleine, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet.

Løyser logistikkutfordringar
I utviklinga har Ulstein Design og Evomec samarbeidd med Møreforsking i Molde. Møreforsking har tilført prosjektet spisskompetanse innan logistikkplanlegging for offshore fartøy. Remøy Shipping og StatoilHydro har også delt sine erfaringar og påverka resultatet. Plattform forsyningsdesignen ULSTEIN PX105 har vore nytta som casestudie.
– Ulstein Design jaktar stadig etter forbetringar og nye løysingar som fører til meir miljøeffektive og framtidsretta skip, seier designsjef Håvard Stave i Ulstein Design, og held fram:
– Plassmangel er eit generelt problem for supplyfartøy. Dette viser seg særleg ved lasting og lossing ved installasjonane til havs. Denne innovasjonen gir ein høgare nytteverdi.
Eit forsyningsfartøy med MODEX kan mogleggjere lengre ruter med betening av fleire installasjonar på same tur.
– Servicegraden overfor kundane vil kunne auke, medan sannsynlegheita for alvorlige mankosituasjonar med tapt produksjonsverdi på installasjonen som konsekvens, kan reduserast. Dei økonomiske fordelane omfattar lågare kostnad og drivstofforbruk per frakta eining enn med tilsvarande fartøy utan MODEX, om ein er i stand til å utnytte den auka dekkskapasiteten, seier Bjørnar Aas frå Møreforsking.

Stor miljøgevinst
MODEX gir totalt sett ein viktig miljøgevinst då løysinga fører til at skipa vert meir effektive transportmiddel. I ei tid prega av mangel på skip, mannskap og høge operasjonskostnadar, er det lønsamt både for miljø, reiar og sluttkunde å få auka nyttegraden av fartøya.

Gunstig plassering av MOB-båt
MODEX gjev også ei meir gunstig plassering av FRC (Fast Rescue Crafts). Arrangementet gjev moglegheit til å setje ut MOB-båtar nær skipet sitt oppdriftssenter (centre of boyancy). Dette legg til rette for ei meir skånsam handtering ved ombordtaking av eventuelt skada personell i dårleg vêr, og sikrar MOB-båt operasjonane generelt sett. Ved å køyre det ekstra lastedekket til fremre posisjon, kan pasientar fraktast direkte til skipet sitt hospital.

DEL