To nye Rolls-Royce fartøy til Island Offshore

Island Chieftain. Foto:Gunder Tande Sandersen
Rolls-Royce har inngått kontrakt om levering av design og utstyr til to UT 776 CD offshore servicefartøy til Island Offshore.

Fartøya skal byggast av STX Europe, Brevik, og skal leverast i 2011 og 2012. Kontrakta har ein verdi for Rolls-Royce på ca 200 millionar kroner.

I tillegg til design skal Rolls-Royce også levere ein fullt integrert utstyrspakke, inkludert hovedmotorar, propellanlegg, dekksmaskineri, stabiliseringssystem, sidepropellar og automasjonssystem.

Fartøya er 93 meter lange, 20 meter breide, og har eit dekksareal på heile 1000 kvadratmeter. Fartøya vil bli utstyrte for blant anna oljevernaktivitet.

– Vi er svært glade for at Island Offshore igjen velger å utvide flåten sin med fartøy av Rolls-Royce design. Her ser vi nok ein gang at nært samarbeidet mellom lokalt reiarlag, designar, ustyrsleverandør og verft gjev resultat. Denne kontrakta er eit viktig bidrag til aktiviteten ved dei ulike avdelingane våre i Noreg, seier Jørn Heltne, direktør ved offshore designavdelinga i Rolls-Royce.

Den omfattande utstyrspakken skal i all hovudsak produserast ved Rolls-Royce sine avdelingar på Sunnmøre og i Bergensområdet.

Island Offshore har tidlegare fått overlevert fire fartøy av UT 776 CD design frå STX Europe, Brevik. Båt nummer fire, Island Chieftain blei overlevert i september i år. Over 650 fartøy av UT-Design frå Rolls-Royce er no i operasjon eller under bygging verda over.

DEL