Store lokale kontrakter i kjølvannet av Sølvtrans’ kontrahering

Optimister: Roar Stenersen og Leif Gjelseth fra Havyard MMC ser mange muligheter framover. Foto: Siv Nærø

Rolls-Royce har signert kontrakt på levering av design og utstyr til den nye brønnbåt mens Havyard MMC skal levere en komplett fiskehåndteringspakke for lasting, behandling og lossing av levende fisk.

Dette er Rolls-Royce sin tredje båt av denne typen til Sølvtrans, dei to første vart levert frå eit verft i Spania. Kontrakta har ein opsjon på bygging av eit farty nummer to hos Kleven. Sølvtrans held til i Ålesund og er eit av verdas største brønnbåtreiarlag for transport av levande laks og aure.

Den nye brønnbåten er av Rolls-Royce design, type NVC 387. Fartyet er designa med tanke på optimale forhold for fisk og mannskap. Baugforma bidreg til å redusere bølgjemotstanden, slik at fartyet kan bruke mindre drivstoff, også i grov sjø. I tillegg til design og engineering, skal Rolls-Royce også levere ein stor utstyrspakke med mellom anna thrusterar, ror og styremaskin, elektrosystem, automasjonsanlegg og vinsj

Brønnbåten får ein kapasitet på 3200m3, og kan frakte opp mot 500 tonn levande fisk fordelt på tre tankar. For å kunne frakte levande fisk effektivt og sikkert frå oppdrettsanlegg til fiskeforedlingsfabrikkar på land, trengs det romslege temperaturkontrollerte tankar i lasteromet på båten, med god sirkulasjon og gjennomstrøyming av vatn. Målet er at forbrukarane skal få fisken på bordet så fersk som råd. Båten vert ustyrt for transport i eit lukka system som ikkje gir utslepp til sjø, og tankane vert ustyrte med filter og system for oppsamling og destruering av lus.

Havyard MMC AS sin kontrakt er verdt ca. 70 millioner kroner. Bedrifta skal levere ein komplett fiskehandteringspakke for lasting, behandling og lossing av levande fisk i den nye brønnbåten. I tillegg skal dei også levere ballastrenseanlegg fra MMC Green Technology. Dette er den største enkeltkontrakten til Havyard MMC til nå.

Systemleveransen fra Havyard MMC består av vakuum system, sirkulasjonssystem, vannbehandlingsanlegg, RSW anlegg, vaskeanlegg, sorteringsmaskin, fisketeller, laste- og lossesystem, skyveskott, overvåkning og automasjon og i tillegg MMC Green Technology ballastrenseanlegg.