Største katamaranen så langt

M/S «Tedno» med byggenummer 523 ble levert 2007 og er betraktlig mindre enn "Tideekspress"
"Tideekspress" skal bygg nummer 525 frå Oma Baabyggeri AS i Aslaksvikjo døypast. Katamaranen blir levert til Tide Sjø AS ein av dei første dagane.

Med sine 33 lange meter og sete til 296 passasjerar fordelt i lyse salongar på to dekk, er dette den største båten frå verftet – så langt. Samstundes ein av dei som går fortast. På den tekniske prøveturen måndag viste målaren i styrehuset 38 knop, og dermed skulle det vera litt å gå på i påkomande tilfelle. I ruta mellom Ålesund og Hareid er servicefarten sett til 34 knop. Dette er eit nytt fartsområde for Tide Sjø As, som set båten inn i fart på Møre-kysten 1. januar. Frametter hausten skal mannskapet gjera seg kjend med bygget og det er tale om å testa fartøyet i Flaggruten eller andre ruter Tide Sjø opererer.

"Omabåt"
Dagleg leiar Gustav Oma svarar stadfestande når Sunnhordland spør om dette er ein ny "Omabåt": – ein hurtigbåt konstruert og bygt på verftet ved Vikafle.
Konstruksjonssjef Johannes Nesse, står for den endelege utforminga. "Tideekspress" er ei vidareutvikling av dei 30 meter lange passasjerkatamaranane Oma har bygt fleire av. Prislappen viser godt 50 millionar og i denne summen inngår ein heil del kjøp av tenester frå lokale underleverandørar.

Jubilerer
Neste vår fyller Oma Baatbyggeri 100 år og det er ein vel nøgd dagleg leiar som fortel om eit travelt jubileumsår – som varer fram til mars 2010. Då skal ein ny 33-metring leverast Tide Sjø, men før den tid skal det byggjast to 24 meter lange passasjerbåtar for levering 2009. Ein til Tide Sjø og ein til Violia – Finnmark fylkesrederi. Verftet har 40 fast tilsette.

Kilde:sunnhordland.no

DEL