Skroget til KV Barentshav er endelig på veg

Skroget på KV Barentshav – som har vore under bygging i Romania – er no på veg til Myklebust Verft og er berekna å vere framme i Gursken i slutten av januar, skriver Vikebladet.

Det har denne hausten vore rekordlite vatn i Donau, noko som har ført til forseinking av transporten til Noreg (se tidligere artikkel). Skroget til den fyrste av i alt tre kystvaktfarty til Remøy Management i Fosnavåg har difor blitt liggande ved det Rumenske verftet i påvente av regn i tilsiget til Donau.

Skroget til KV Barentshav har ei djupgåande på 3,40 m, men under normale forhold er det ikkje noko problem å frakte desse skroga ned gjennom Donau og ut til Svartehavet.

Om alt går som planlagt, vil det ta om lag ei veke å slepe skroget frå Severnav og ned til Svartehavet. Deretter er det om lag 4 vekers seglingstid til det er framme ved Myklebust Verft.

– Vi skulle svært gjerne hatt skroget på plass i Gursken for utrusting for lenge sidan, men den ekstra tida ved det rumenske verftet Severnav har blitt nytta slik at skroget no har noko større utrustingsgrad enn fyrst planlagt, heiter det i ei pressemelding frå Kleven.

Ved Myklebust Verft har heile arbeidsstokken vore i fullt arbeid i ventetida. Dei er no i ferd med å utruste eit skip som skal leverast frå Kleven Verft til Siem Offshore i april.

DEL