Illustrasjonsfoto: Arkiv Skipsrevyen

Skipsindustrien fryktar milliontap

Ny tariffavtale kan koste skipsindustrien fleire hundre millionar. Havyard Leirvik ber om unntak for å unngå store tap.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Skipsindustrien kan lide store tap etter dei nye tariffreglane som skal hindre sosial dumping. Reglane kan bety stor kostnadsauke på skip som allereie er under bygging.

Det er framleis uvisse rundt om dei nye reglane skal ha tilbakeverkande kraft eller ikkje. §97 i Grunnlova kan nemleg tolkast slik at kontraktar skal rette seg etter det lovverket som var gjeldande då avtalen vart signert.

Bente Nesse er personalsjef ved Havyard Leirvik. Ho er uroa over følgjene av dei nye tariffreglane.

Ber om unntakNRK

I eit brev til arbeids- og inkluderingsdepartementet ber no skipsindustrien om at vedtaket ikkje får tilbakeverkande kraft. I ettermiddag møtast tariffnemnda som har gjort vedtaket for å sjå på kravet frå arbeidsgjevarane. Nemnda vil ikkje kommentere saka før møtet.

Heller ikkje fagrørsla er einig om kva som vil vere det beste utfallet av saka. På einskilde skipsverft har det vore splitting mellom fagforeiningane.

Milliontap
Ei kartlegging verftsindustrien har gjort, syner at berre i Sogn og Fjordane kjem verfta til å tape fleire hundre millionar kroner det komande året på innføring av minsteløn. Årsaka er at verfta til dømes betalar både heimreise og opphald for utanlandske arbeidarar som ikkje har garantert minsteløn i dag.

Kilde: NRK.no