Marius Rooney, Martin Moltu, Andrzej Wajchert og Pirasan Kathiravelu er elevar ved Maritime fag på Herøy vidaregåande skule og framtidas maskinistar. Dei gler seg til å få delar av skulekvardagen på simulatorsenteret alt over nyttår. – Det kjem til å bli lærerikt. Foto: FOSAC

Simulator i skulekvardagen

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Herøy  Vidaregåande Skule (Herøy VGS) og Fosnavåg Ocean Academy (FOSAC) har skrive under ein intensjonsavtale om samarbeid. Alt over nyttår kan dei første elevane dra nytte av simulatorsenteret sitt utstyr og kompetanse i sine øvingar.

- Målet er at vi skal lære elevane meir og gi dei det aller beste utgangspunktet for å vere forberedt for arbeidslivet, seier rektor ved Herøy VGS, Gullik Kjellstadli, og dagleg leiar for FOSAC, Håvard Stave i ei pressemelding.

Samarbeid mellom skule og simulatorsenter skal gi betre skulegang, flinkare elevar og nye, dyktige arbeidstakarar.

I kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring heiter det at det er viktig å ha vidaregåande skule med tilbod som er tilpassa arbeidslivet både lokalt og regionalt.

- Når elevane får prøve seg her på simulatorsenteret, får dei øve seg på oppgåver som er for vanskelege, der det står for mykje på spel og som kan vere for farlege for dei å gjere i det verkelege liv. Dei får betre kjennskap til kva som skjer ute på havet og dei får arbeide med utstyr som vidaregåande skule ikkje har mulegheit til å halde sjølve, sier han.

Ideen om at elevar ved den vidaregåande skulen kan bruke simulatorsenteret som øvingslaboratorium har vore der heilt sidan starten av Fosnavåg Ocean Academy (FOSAC), men no har FOSAC ledig kapasitet og planane vert gjort om til verkelegheit. For Herøy Vidaregåande Skule betyr dette at ein kan stille i ein heilt annan divisjon når det gjeld utstyr og gi elevane eit enormt fortrinn når det gjeld øving.

Fleire bruksområde for simulatorsenteret

I første omgang vil dette gjelde elevane ved utdanningsprogramma teknisk Industriell produksjon og naturbruk, men med tida ser ein føre seg at alle elevane ved Herøy VGS kan bruke simulatorsenteret.

- Det er berre fantasien som stoppar oss, sjå berre på alt som skjer i helse og omsorg innan velferdsteknologi, seier leiar i skuleutvalet for Herøy VGS, Svein Gjelseth, som har vore ein av pådrivarane for det nye samarbeidet.

FOSAC har utvida og utvikla nye bruksområde. Med ønske frå nye eigarar som driv brønnbåtar skal simulatoranlegget i Fosnavåg også tilby ein brønnbåtsimulator for trening av mannskap til havbruksnæringane. Om eit par månader får Sølvtrans-reiarlaget overlevert ein ny brønnbåt frå Myklebust Verft, og til våren vert det nye skipet virtuell «treningsbåt» på FOSAC. Det gjer at også elevane får tilgang til å lære om dei komplekse operasjonane på ein sikker og trygg måte, og verte endå betre forberedt lærling-marknaden slik den er i dag. Medan storparten av elevane frå Herøy VGS som skulle på sjø tidlegare fekk lærlingtenesta på  offshorefartøy, er det no nesten halvparten som er innom brønnbåtar.

FOSAC og Herøy VGS ser også vidare fram mot moglegheiter for å komme i tettare samarbeid med kyst- og havfiskeflåten og fiskerinæringa generelt, samt den lokale og regionale leverandørindustrien.

Partane er einige om samarbeid, og i månadene framover vert detaljane lagt på plass. Men alt no kan ein seie at for elevane sin del så vil dette bety frå ein halv til ein heil dag i veka med skuletimar på simulatorsenteret.

Neste generasjons arbeidstakarar får no lære på det beste utstyret som er tilgjengeleg. Slik kan dei også bli dei beste arbeidstakarane.