Seks skipsdesignkontraktar for Ulstein i Brasil

Foto: Ulstein Group
Ulstein Design har underteikna seks skipsdesignkontraktar med reiarlaga CBO og DSND Consub. Den samla kontraktsverdien er på meir enn 400 millionar kroner.

Dei seks kontraktane gjeld levering av design, engineering, hovudutstyr og byggeoppfølging. Kontraktane femner om tre ulike typar fartøy: DSND Consub skal ha to oljevernberedskapsfartøy (OSRV – Oil Spill Recovery Vessel) av typen ULSTEIN P801 med konvensjonell baug, medan CBO skal ha to større og to mindre plattform forsyningsfartøy (ULSTEIN PX105 og ULSTEIN PX106) med
ULSTEIN X-BOW®.

Viktige kontraktar
– Kontraktane er svært viktige for Ulstein Group. Det er stor investeringsaktivitet på den brasilianske sokkelen og omfattande planar for området. Det er svært viktig å posisjonere seg i denne marknaden, fortel områdeansvarleg Design&Solutions og visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group. – DSND Consub er eit nytt reiarlag for oss, medan vi er glade for at CBO igjen har valt ulsteindesign til flåten sin. Kontraktane er omfattande, og vil involvere mange av våre tilsette, til dømes femner kontraktane om kring 35 årsverk berre i engineering, seier han.

Nyetablert salskontor i Brasil
Ulstein Group satsar internasjonalt og er i ferd med å bygge opp fleire sals- og representasjonskontor kring om i verda. Konsernet har vore representert i Brasil sidan 2005 gjennom elektrosystem- og servicebedrifta Ulstein Belga Marine. Nyleg opna ein nytt salskontor i regionen.
– Det var stor konkurranse om desse oppdraga, og det å ha folk lokalt på staden har vore ei viktig støtte i salsarbeidet. Felles innsats frå mange i Ulstein Group og godt samarbeid mellom reiarlag, verft og leverandørane av hovudutstyr gjorde at vi til slutt fekk tilslaget, seier salssjef ved Ulstein Design, Lars Ståle Skoge, og held fram:
– Ulstein Elektro skal levere svært mykje utstyr til desse skipa, mellom anna tavler, det integrerte automasjonssystemet ULSTEIN IAS® og kommunikasjons- og informasjonssystemet ULSTEIN COM®, og har opsjonar på fleire andre produkt, fortel han.

Langtidsoppdrag
– Alle skipa skal jobbe på åtte års kontraktar med opsjonar for det brasilianske statlege oljeselskapet Petrobras, og skipa for DSND Consub er utvikla spesielt for desse oppdraga. Dei fire skipa for CBO blir dei første med ULSTEIN X-BOW® som blir bygde og fast stasjonerte i Brasil, noko som også er spennande.

Byggast i Brasil
CBO sine fire skip skal byggjast ved Alianca-verftet i Brasil, medan DSND Consub sine to skip skal byggjast ved ETP-verftet i Brasil.

DEL