Samsung vel STADT No-Loss teknologi

Verdens største skipsverft, Samsung Heavy Industries i Korea med sine 197 skip i ordre, har bestilt elektrisk framdriftsteknologi frå Stadt AS i Gjerdsvika. Det er det patenterte No-Loss Drive systemet frå Stadt som no får innpass i verdens største skipsbyggingsnasjon.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Samsung vel STADT No-Loss teknologi

Verdens største skipsverft, Samsung Heavy Industries i Korea med sine 197 skip i ordre, har bestilt elektrisk framdriftsteknologi frå Stadt AS i Gjerdsvika. Det er det patenterte No-Loss Drive systemet frå Stadt som no får innpass i verdens største skipsbyggingsnasjon.

Samsung har saman med koreanske miljømyndigheiter sett stort fokus på utvikling av ein meir berekraftig framdriftsteknologi for sine skip. Reduksjon av CO2, NOx og brennstoff er viktige mål, samt overgong frå olje til gass.

Det å separere kraftproduksjonen frå propellsystemet slik ein kan gjere i ei gass-elektrisk løysing er svært gunstig. Gassmotorane får gå med jamn belastning uavhengig av kor mykje kraft ein vil ta ut på propellen som er driven av Stadt sitt effektive elektriske No-Loss drivsystem.

– For Stadt AS representerer ordren eit internasjonalt gjennombrot for den nye teknologien. At det er nettopp Samsung som her går i spissen med å ta den i bruk internasjonalt i eit høgt profilert miljøprosjekt, er ikkje mindre interessant og gir håp om at dette berre er starten på ein kraftig internasjonal ekspansjon for Stadt, seier direktør Hallvard Slettevoll i Stadt AS. – Sidan 2008 er det i tillegg 6 norske skip som har fått installert tilsvarande teknologi, men då i diesel-elektrisk utførelse. Driftserfaringane med desse skipa er svært gode og er langt på veg eit prov på at teknologien er langt meir robust enn den teknologien som Stadt og andre konkurrentar har hatt tidlegare. Den nye No-Loss styringa er designa for ei levetid på meir enn 25 år.

– Stadt har brukt lang tid på utvikling av dette som er deira 5. generasjons teknologi. Med 25 års erfaring innan marin elektroteknisk utvikling, er det gledeleg å sjå at arbeidet ber frukter på ein måte som kan få global betydning for miljøet, samtidig som det vil gjere internasjonal skipsfart meir berekraftig og betre inntjeninga for rederia, seier Hallvard Slettevoll.

Ein av mange teknologiske fordelar med det nye Stadt-systemet, er at det er fullstendig støyfritt, både med hensyn til elektromagnetisk utstråling EMI, samt minimalisert akustisk støy og vibrasjonar. – Dette er eigenskapar som har vist seg svært verdifulle på seismikkfartøy og fiskefartøy der systemet er i bruk i dag. Men det vil ha endå større viktigheit i militære prosjekt, noko som truleg vert eit av fleire vekstområder for Stadt sin teknologi internasjonalt, trur Slettevoll.

Over fleire år har Stadt sett at mange av driftsproblema ein hadde ved sine tidlegare generasjonar omformarteknikk kunne skrivast tilbake til den utstrakte bruken av kondensatorar og likestraumsmellomkrefts som ein då var avhengig av. Med den nye teknikken har Stadt klart å minimalisere bruken av DC og kondensatorar, noko som er ei hovedforklaring på den høge driftssikkerheita og den garanterte lange levetida på utstyret.