Gunvor og Tore Ulstein ser muligheter i nye skipssegmenter.

Resultat for ULSTEIN 2015

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ulstein Group hadde i 2015 ei omsetning på 2,3 milliardar kroner og eit driftsresultat på -95 millionar kroner. Forretningsområda Design & Solutions og Power & Control hadde likevel positivt resultat.

Nedgangen i offshore og ein vanskeleg marknad må møtast med omstilling og nyskaping, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein. - Vi er inne i krevjande tider. Konsernresultatet for 2015 vart svakt som følgje av lågare kapasitetsutnytting og den generelt utfordrande marknadssituasjonen innanfor våre forretningsområder. Vi ser også at 2016 vil bli utfordrande, seier Ulstein og held fram: - Vi jobbar med omstilling og utvikling innan nye og framtidsretta område, men det tek tid å få på plass løysingar som vi meiner kan vare ved.

Nye marknadar

Ulstein Group har hatt stor fokus på levering av design, bygging og systemløysingar til offshoremarknaden dei siste tiåra. - Offshoremarknaden innan olje og gass vil vere krevjande i lang tid framover og vi må tilpasse oss situasjonen. Vi er opptekne av å utvikle oss vidare innan vind- og beredskapsmarknadane og nye designområde der vi ikkje er etablerte endå, som til dømes exploration cruise og yacht. Vi jobbar aktivt med sal og utvikling for å få i hamn nye kontraktar og vi har trua på at vi skal lykkast i dette arbeidet, seier Gunvor Ulstein.

Ny hekk: X-STERNTM

I januar 2015 signerte ULSTEIN kontrakt med Bernhard Schulte Offshore på levering av to servicefartøy til offshore vindindustrien. Det første av desse vart nyleg sjøsett frå Ulstein Verft. Dette er det første skipet med den nye akterenden the X-STERN™. Saman med skipet sin X-BOW® gir dette betre sjøeigenskapar under tøffe vêrforhold, mellom anna er det lettare for skipa å halde seg i posisjon inn til vindturbinane. Visekonsernsjef Tore Ulstein kommenterer følgjande:

- Offshore vindindustrien er i vekst. Den jamne og sterke havvinden er ein viktig ressurs som har potensial til å gi store mengder fornybar energi. Målsettinga må vere å kome ned på eit kostnadsnivå der ein blir uavhengig av statlege subsidiar. Vi ser fram til å ta nye steg, kome med nye innovasjonar og bli ein endå viktigare aktør innan dette området. Berekraftig vekst skal ligge til grunn for alt vi gjer og det å utvikle skip og løysingar som mellom anna reduserer forbruk av drivstoff og utslepp til miljøet blir heilt avgjerande, seier han.

Utnytting av havrommet

Havromsbaserte verksemder står i dag for meir enn 70 prosent av dei norske eksportinntektene. Framtida vil vere avhengig av korleis vi forvaltar havet og investerer i ny kunnskap.

- Vi trur at kunnskapsnava innanfor maritime og marine område vil bli sentrale for å kunne utnytte muligheitene i havrommet framover. Det å jobbe på tvers mellom eksisterande næringsklynger vil bli viktig for å lykkast, avsluttar Gunvor og Tore Ulstein.

Ulstein Group sine hovudtal for 2015:

Driftsinntekter 2015: 2,33 milliardar kroner (2014: 2,70 mrd. kr)

Driftsresultat 2015: -95,2 millionar kroner (2014: 184,1 mill. kr)

Ordinært resultat før skatt 2015: -134, 7 millionar kroner (2014: 167,7 mill. kr)