Rem Offshore sel skip under bygging

Rem Offshore har bestemt seg for å selje ein UT 755 som dei har under bygging ved Simek. Reiarlaget vil satse sterkare på større skip.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er selskapet BUE Marine Limited som skal kjøpe skipet av Rem Offshore ASA. Reiar Åge Remøy seier til Vikebladet Vestposten at dei har to skip til av typen UT 755 under bygging, og at det er siste fartøyet i dette byggjeprogrammet dei no sel.
Remøy avviser at salet er eit resultat av at reiarlaget trur på ein nedgang i offshoremarknaden.
UT 755 er av dei mindre offshorefartøy, og vi vil satse på større skip, forklarer han.
Salet medfører ein rekneskapsmessig vinst på ca. 36 millionar kroner, og ein kontanteffekt på 74 millionar kroner i første kvartal 2008.
Ny fraktkontrakt
Eit av skipa som Rem har under bygging ved Kleven Verft, bygg nummer 320, som skal leverast i april i år, har no fått ein fraktavtale med det meksikanske selskapet Cisca. Kontrakten er på seks år, med opsjonar på 3x1 år. Skipet går på kontrakt rett etter overleveringa frå veftet.