Prøvde båtlivet

Sist helg var Island Constructor på prøvetur. Fire personar vann deltaking på turen, og vinnarane var stornøgde med opplevinga.

Prøvetursvinnarane Camilla Sandanger, Karoline Sivertsen, Svein og Reidun Fjesme fekk nokre fartsfylte timar om bord i verdas største ULSTEIN X-BOW® sist fredag då skipet skulle teste kor raskt det kan gå. Resultatet vart 15,3 knop, som ligg godt over den berekna toppfarta på 14,5 knop. Medan prosjektleiar for Ulstein Verft Runar Muren sveitta over stoppeklokka på brua, var prosjektleiar Trond Hauge i Island Offshore dagens vert for gjestane.
– Eg brukar aldri å vinne, men no var det min tur og eg vart så glad, seier 17 år gamle Camilla Sandanger frå Gjerdsvika som tok med veninna Karoline Sivertsen frå Bergslia i Herøy på vinnarturen. – Vi har aldri vore om bord i eit offshorefartøy tidlegare, og synest det var veldig spennande å få vere med på tur. Vi kunne gjerne tenkt oss ein sommarjobb om bord for å prøve sjølivet, for dette er jammen ein flott båt, seier dei. Jentene går på Ulstein vidaregåande skule og har ikkje tidlegare vurdert ei maritim utdanning. – Skulle vi seriøst ha gått den retninga, så måtte vi blitt sjefar. Kapteinar altså, seier dei i kor.
Vinnarparet frå Hjørungavåg, Svein og Reidun Fjesme, hadde gledd seg svært mykje til turen. – Ja dette har jammen levd opp til forventningane, seier Svein i det han kjem på land etter fem timar om bord. – Det er ein utruleg stillegåande båt, vi merka knapt at han var i rørsle og det var ikkje støy eller vibrasjonar om bord. Innreiinga var moderne og litt minimalistisk, og det må vere flott å sitje i dagromet med gluggane som går heilt nedåt golvet. Tenk for ei utsikt mannskapet vil få!
– Ja dette var som å vere om bord i hurtigruta, seier Reidun oppglødd.
Trond Hauge har allereie fått fleire slike tilbakemeldingar:
– Ja, mange vert positivt overraska når dei kjem om bord i dette skipet, ikkje minst på grunn av dimensjonane. Brua er på 380 kvadratmeter, og mange av lugarane er også svært store. Det er brukt mykje glas i veggane mellom opphaldsrom og korridorane for å gje meir romkjensle. Designen på innreiinga er nyutvikla, med reine liner og andre fargeval og løysingar enn det vi har sett dei siste ti åra. Det er rett og slett stilig, seier han.
Det var på ei felles jobbmesse med representantar frå Ulsteinkonsernet og Island Offshore 26. april at ein kunne vinne deltaking på prøvetur. 164 konkurranseskjema kom inn, og av desse vart det trekt to personar, som kvar hadde med seg ein gjest om bord.

DEL