Polarcus – dobbeldåp

Foto: Ulstein Group
Seismikkskipa Polarcus Nadia og Polarcus Naila til reiarlaget Polarcus vart døypte ved Drydocks World Dubai 24. november.

I 2008 tinga reiarlaget Polarcus seks seismikkskip av Ulstein-design. Bygg nummer 66, Polarcus Nadia, og bygg nummer 67, Polarcus Naila, er dei to første, og vart døypte samtidig 24. november. Skipa skal leverast i 2009 og 2010. Begge vil vere utstyrte med eit 3D-seismikksystem og 12 streamervinsjar. Polarcus Nadia tek til på sitt første oppdrag i desember
for TGS.

– Mitt inntrykk er at det mest komplette og kunnskapsrike miljøet innan seismikk og offshore finst i Noreg. Vi har stor tru på ULSTEIN X-BOW®-konseptet, særleg når det gjeld miljø. Vi er også svært opptekne av at mannskapet om bord skal ha gode og trygge arbeidsforhold, og meiner dette er ein design som er eit viktig bidrag for å møte desse krava, seier
viseadministrerande direktør Peter Zickerman i Polarcus.

UTSTYRSPAKKAR
Ulstein Group leverer omfattande design- og hovudutstyrspakkar til dei seks fartøya, og produserer og leverer også hovudtavler og konsollar til bru og kontrollrom. Fartøya blir utstyrte med eit integrert automasjonssystem (ULSTEIN IAS®), eit kommunikasjons- og informasjonssystem (ULSTEIN COM®), navigasjonssystem (ULSTEIN NAV) og power management system (ULSTEIN PMS).

OM POLARCUS
Reiarlaget vart etablert i 2008, og held til i Dubai i dei Sameinte Arabiske Emirata. Selskapet er i ferd med å byggje opp ein miljøvenleg og moderne seismikkflåte.

DEL