Myklebust Verft har inngått kontrakt med Ocean Yield ASA om ombygging av fartøyet Aker Wayfarer.

Omfattande ombyggingskontrakt til Myklebust Verft

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Myklebust Verft har inngått kontrakt med Ocean Yield ASA om ombygging av fartøyet Aker Wayfarer. Myklebust Verft skal mellom anna forsterke skroget og installere topside-utstyr frå Rolls-Royce før fartøyet skal inn i ein langtidsavtale med Petrobras i Brasil.

- Aker Wayfarer er 157 meter lang og 27 meter breid, og blir det største fartøyet vi har hatt i dokka, seier Åge Sandvik, salssjef for ettermarknad på Myklebust Verft. Då denne dokka vart kjøpt for to år sidan, var det nettopp for å kunne tilby service, ombygging og reparasjon også på desse største offshorefartøya.

Aker Wayfarer er eit konstruksjonsfartøy bygd ved Vard Søviknes i 2010. Fartøyet er på eit langtidscharter med AKOFS Offshore. Rolls-Royce i Hjørungavåg skal levere mykje av subseautstyret som skal monterast, og dette er den største enkeltkontrakta for Rolls-Royce innan dette området.

- Myklebust Verft si plassering midt i hjertet av det maritime miljøet på Sunnmøre er ein stor fordel for reiarlag og utstyrsprodusentar. Dette prosjektet er eit godt eksempel på godt lokalt samarbeid mellom store aktørar i klynga, som Vard, Rolls-Royce og Kleven, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

I tillegg til ombygginga, skal fartøyet også gjennomgå 5-årsklassing ved verftet.