Nytt reiarlag går for ULSTEIN X-BOW

ULSTEIN PX105 EDT
Ulstein Design AS har signert kontrakt med Astilleros de Sevilla i Spania på levering av design- og utstyrspakkar til to ULSTEIN PX105 plattform forsyningsfartøy. Skipa skal byggast for reiarlaget EDT Offshore Ltd på Kypros.

– Det er spesielt gledeleg at det er eit nytt reiarlag som no vender seg til oss for skipsdesigna våre, og at dei vel design med ULSTEIN X-BOW, kommenterer visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet.
Kontrakten har ein verdi på om lag 240 millionar kroner. Ulsteinkonsernet skal levere design, detaljunderlaget og hovudutstyr. I dette inngår mellom anna produkt som hovudtavler, bru og kontrollromspultar, ULSTEIN IAS (integrert alarm- og overvakingssystem), ULSTEIN COM og navigasjonsutstyr.
– Det er godt å få stadfesta at marknaden set pris på produkta frå Ulstein og det arbeidet vi har lagt ned i utviklinga så langt, seier salssjef Lars Ståle Skoge i Ulstein Design.

Lars_Stale_Skoge_469447480.jpg
Lars Ståle Skoge
Godt utstyrt
– Fartøya er klassifiserte med Clean Design (dobbelt skrog), komfortklasse V3, har dynamisk posisjonering (DPII), og har elles gode kapasitetar med om lag 1000 kvadratmeter dekksareal og kan ta ei dekkslast på 3000 tonn, fortel Skoge.
Dødvekta (DWT) er på 4700 tonn. Skipa har dieselelektrisk framdrift og er dimensjonerte for ei fart på 15,5 knop. Fartøya er 88,8 meter lange og 19 meter breie, og er innreidde for 23 personar.

ULSTEIN X-BOW
– Offshorefartøy med ULSTEIN X-BOW er designa for å oppretthalde farta sjølv om det er styggevêr og bølgjer. Ein annan fordel med dette er at slag frå sjøen mot framskipet fjernast heilt. Erfaringane hittil viser at slike skip kan spare 4-7% drivstoff per år, avhengig av korleis ein opererer båtane, understrekar Skoge.
– Den bakoverlente baugen sine eigenskapar gjer at skipa med slik baug går ekstra mjukt i møtande sjø. Transittverksemd er typisk aktivitet for plattform forsyningsfartøy, og dei komande mannskapa på desse to skipa kan difor sjå fram til komfortable arbeidsforhold, seier han.

EDT
Reiarlaget EDT vart etablert i 1980 på Kypros, og har som hovudaktivitet sleping og redningsarbeid, undervassoperasjonar og rørlegging. Reiarlaget oppgraderar og fornyar jamt den eksisterande flåten. Dei to ULSTEIN PX105 skal bidra til å styrke EDT Offshore Ltd sin posisjon som eit moderne og framtidsretta reiarlag.
Skipa skal etter planen leverast frå Astilleros de Sevilla i april og august 2009.

UlPX105EDT_368539284.jpg
ULSTEIN PX105 EDT

DEL