NYE EKSPRESSBÅTAR TIL FJORD1 FYLKESBAATANE

Fjord1 Fylkesbaatane AS har kontrahert to ekspressbåtar ved Brødrene Aa, Hyen for
levering hausten 2009 og våren 2010. Det er vidare planlagt å kontrahere ytterlegare to ekspressbåtar.

Fjord1 Fylkesbaatane AS har inngått kontrakt med Brødrene Aa AS om prosjektering og bygging av to ekspressbåtar som fortrinnsvis skal nyttast på ekspressbåtrutene Bergen – Sogn og Bergen – Nordfjord. Det er vidare plan om kontrahering av ytterlegare to fartøy.

Båtane blir bygd i karbon sandwich og er basert på nyutvikla skrogutforming. Dette betyr betydeleg reduksjon av CO2 og NOx utslepp samanlikna med tidlegare generasjon snøggbåtar. Selskapet forventar 37 % CO2 og 65 % NOx reduksjon, samanlikna med dagens ekspressbåtar.

Den minste av båtane får passasjerkapasitet på 190 passasjerar og har største lengde på 33,5 meter og største bredde på 10,2 meter. Den største av ekspressbåtane får passasjerkapasitet på 294 passasjerar og har største lengde på 38,2 meter og største breidde på 10,6 meter.

I designutforming er det i tillegg til optimal miljøgevinst lagt særskilt vekt på følgjande:

– Høg komfort der passasjerar skal oppnå optimal reiseoppleving.
– Universiell utforming der det blir lagt særsklit vekt på tilrettelegging for funksjonshemma.
– Effektiv tilpassing mot hamne- og terminalforhold.
– Optimal utforming med omsyn til tryggleik.

Brødrene Aa, Hyen har lang tradisjon med bygging av ekspressbåtar og tok i bruk karbon sandwich teknologi allereie i 2001. Dei har så langt levert 17 ekspressbåtar med lengde mellom 19 til 28 meter i dette byggematerialet. Med den nye kontrakten som er inngått med Fjord1 Fylkesbaatane har dei ordre på 8 fartøy. Kontrakt med Fjord1 Fylkesbaatane AS representerer ny marknad med utvida fartøystorleik i dette byggemateriale.

DEL