Nordmørspakka er ute på anbod

Møre og Romsdal fylkeskommune har ute anbodskonkurranse for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre, den såkalla Nordmørspakka. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune har ute anbodskonkurranse for dei fire fylkesvegferjesambanda på Nordmøre, den såkalla Nordmørspakka.

Dagens ferjekontrakt går ut i 2019, og ny kontrakt vil gjelde frå 1. januar 2020 og fram til 31. desember 2030, skriv Møre og Romsadl fylkeskommune på sine nettsider.

I konkurransegrunnlaget blir det stilt krav til to ferjer i sambandet Edøya-Sandvika. Det blir også stilt krav til at ferjene i sambandet Seivika-Tømmervåg og Edøya-Sandvika skal vere nyare enn 10 år ved oppstart av kontrakten. Det blir også lagt opp til eit betre tilbod på helg enn det er i dag.

– Det er sett strenge krav til miljø for å sikre miljøferjer på sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg. Tilbydarane konkurrerer også på ytterlegare reduserte miljøutslepp og pris, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Større kapasitet

I sambandet Edøya-Sandvika blir det stilt krav om to ferjer med ein storleik på 50 personbileiningar kvar. Det same gjeld for Seivika-Tømmervåg, men der er storleiken sett til 80 personbileiningar.  I sambandet Kvanne-Rykkjem  er det stilt krav om ei ferje på 50 personbileiningar, medan Arasvika-Hennset blir om lag som i dag.

Tilskot frå Enova

Enova bidreg med eit tilskot på inntil 55 millionar kroner til landanlegg. –Vi er glade for at Enova gir støtte til realisering av miljøløysingar,  og ser fram til god konkurranse i dette miljøanbodet, seier leiar i samferdselsutvalet Kristin Sørheim.

Møre og Romsdal fylkeskommune må i samband med innfasinga av miljøferjer ruste opp kaianlegga i sambanda Edøya-Sandvika og Seivika-Tømmervåg. Dette vil ha ein kostnad på om lag 200 millionar kroner, seier Fuglseth.

Kontrakten skal gjelde frå 1. januar 2020 til 31. desember 2030. Fristen for innlevering av tilbod i konkurransen er 17. november 2017 kl. 12.00.

DEL