Møkster døyper nytt skip

Foto: Thomas Førde - Aftenbladet
Trass i finanskrise og mørke skyer er rederiet Møkster i Stavanger inne i ei kraftig fornying. I dag overtar reiarlaget det første av i alt 10 nye skip til ei samla investering på 2,5 milliardar kroner.

– Me har vore heldig i denne bransjen som driv med offshoreservice- og forsyningsskip. Her er finanskrisa lite merkbar, seier befraktningssjef Atle Holgersen i rederiet Simon Møkster Shipping i Stavanger til Aftenbladet.

Holgersen seier vidare at etterspurnaden etter skip framleis er like stor og utleigeratene høge.

Bankane skrur igjen
– Bransjen merkar berre finanskrisa når nye skip skal finansierast og brukte skip skal seljast. Da er det vanskeleg å få lån. Bankane har skrudd mest heilt igjen når det gjeld utlån, seier Holgersen. Men han legg til at reiarlaget Møkster er i den heldige situasjon at alle nybygg er finansierte.

Flekkefjord-konkursen
Ved skipsverftet Westcon i Ølensvåg skal Møkster-skipet Stril Herkules i dag, torsdag, døypast. Skipet blei kontrahert saman med eit søsterskip ved Flekkefjord Slipp. Men etter konkursen i Flekkefjord måtte Møkster overta skipet og sjølv syta for å gjera det ferdig.

Dyrare skip
Den jobben har Westcon gjort. Men Stril Herkules har blitt mellom 70 og 90 millionar kroner dyrare enn opprinneleg kontrakt på om lag 350 millionar kroner. Den ekstrarekninga er det reiarlaget som må ta. Stril Herkules er eit såkalla områdeberedskapsfartøy, som skal vera i berdskap på Tampen-området under ein 10 års kontrakt med StatoilHydro.

Til utlandet
Eit søsterskip til Stril Herkules, som også var kontrahert ved Flekksfjord Slipp, skal og gå inn i ein langtidskontrakt for StatoilHydro i Tampen-området. Men søsterskipet blir truleg ikkje ferdig før i 2011. Byggekontrakten må omplasserast.
– Mest truleg blir kontrakten plassert ved eit utanlandsk verft, seier Atle Holgersen.
Stril Herkules har alt tenkeleg redningsutstyr om bord pluss utstyr for oljeoppsamling og brannsløkking. Skipet som er 97,55 meter langt og 19 meter breidt, skal til ei kvar tid ha eit mannskap på 13 personar pluss ein lærling om bord.

Ankerhandteringsfartøy
Neste månad skal Møkster Shipping overta det første av to ankerhandterinsgfartøy fra Havyard verft. Søsterskipet blir ferdig i april neste år. Begge ankerhandterinsgfartøya skal nyttast i spotmarknaden utan langsiktig kontrakt.

– Ratene for utleige av slike skip har vore gledeleg høge i det siste, seier Holgersen.

Dykkarskip
Westcon i Ølen byggjer dessutan to dykkarskip som Møkster skal driva i samarbeid med undervassentreprenøren Riise Underwater Engineering i Haugesund. Det første av dei to dykkarskipa skal vera ferdig i august neste år.

Flekkefjord og Russland
Ved verftet Simek i Flekkefjord byggjer Møkster to forsyningskip. I Russland ved Jaroslavl-verftet har Møkster tinga to standby-skip.

– Bygginga er forsinka slik at me reknar ikkje med å kunne overta desse to før sommaren 2010, seier Atle Holgersen i reiarlaget Simon Møkster Shipping.

Kilde: Aftenbladet

DEL