Leverer rørsystem til ti ankerhandteringsfartøy

TI FARTØY TIL MAERSK. Dei ti ankerhandteringsfartøya som Aker Yards bygger for Maersk er av typen VS 492. Illustrasjon: Vik & Sandvik / Maersk / Aker Yards.
West Industri & Skipsservice AS (WISS) skal levere hydraulikksystema på ti ankerhandteringsfartøy som Aker Yards AS bygger for det danske Maersk-konsernet. Oppdraget omfattar både prefabrikering av rør i Florø og montering av rørsystema ved to verft, og det er ein svært stor jobb for WISS.

Dei ti ankerhandteringsfartøya er alle av typen VS 492 og er 73 meter lange. Aker Yards bygger fartøyserien for danske AP. Møller – Maersk AS. Sju av fartøya skal utrustast ved Aker Yards Brattvaag, og tre av dei skal utrustast ved Aker Yards Langsten. Nybygga skal leverast i tidsrommet mai 2008 til november 2009.

WISS skal levere både lågtrykks og høgtrykks hydraulikksystem til alle ti fartøya. West Industri Service AS prefabrikerer lågtrykksrøra i verkstadhallen sin i Brandsøy ved Florø og begynte på arbeidet ved årsskiftet. Norsk Contracting Partner AS reingjer og overflatebehandlar røra før WISS monterer rørsystema i nybygga ved verfta. Monteringa av det første systemet starta i januar ved Aker Yards Brattvaag. INC-selskapa vil ha arbeid med oppdraget fram til hausten 2009. WISS leverer dessutan sjøvatnkjølesystema på sju av ankerhandteringsfartøya.

DEL