Kvinneleg los nr. 2

Onsdag 9. april hadde Marianne Ingebrigtsen sin praktiske loseksamen. Den bestod ho med glans, og dermed har Norge fått sin andre kvinnelege los.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Losyrket har tradisjon for å vere eit mannsyrke. Faktisk fekk vi ikkje den første kvinnelege losen før i 2006. Då tredde Solgunn Homme Breivik inn i losane sine rekkjer. No har ho altså fått følgje av 34-årige Marianne Ingebrigtsen.
Når vi tek oss ein liten prat med den nybakte losen har Ingebrigtsen allereie gjennomførd sine første losoppdrag.
– Det gjekk greit, fortel ho.

– Friheita lokka
– I første omgang utdanna eg meg til styrmann, og eg har trivdes med å være på havet. Når ein først skal jobbe til sjøs, trur eg losyrket må være den beste jobben ein kan få. Det er fint å være sin egen herre, og det vil alltid være nye utfordringer. Ein er ombord på mange ulike båtar, møter mange folk, og ingen dagar er like. Og så blei eg tiltrekt av at losane jobbar på den gammaldagse måten, utan å nytte allverdas hjelpemidlar, fortel ho.

Det høyrer også med til historia at den nye kvinnelege losen er sambuar med ein los, Kurt-Tore Markussen som for tida har Kirkenes som tenestestad. Dermed kan ein vel rekne med at Norge har fått sitt første los-par.
– Sjefane har vore veldig greie og gitt oss den samme turnusen, så vi får mykje fritid i lag. Vi har tidlegare opplevd korleis det er å ha motsatt turnusar. Då møtte vi kvarandre nesten berre i døra, så vi synes det er greit å ha det slik som no, seier ho.

– Fleire kvinner kjem
– Det er kjempeartig og spanande at vi no har fått vår andre kvinnelege los. Det har gått veldig bra med den første, Solgunn Homme Breivik, og eg synes det er kjekt at vi får fleire kvinner i losyrket, seier losoldermann i Nordland, Andor Antonsen, som er sikker på at det vil kome enda fleire.
– Det er fleire damer som utdannar seg til navigatørar, og då vil det også bli fleire av desse som vel losyrket, meiner han.
Antonsen er overtydd om at Ingebrigtsen også vil klare utfordringane som no ventar med glans.
– Som kvinneleg los vil ein møte kapteinar og mannskap frå land som har andre tradisjonar og haldningar til kvinner, og såleis trur eg dei kvinnelege losane kanskje kan kome til å møte andre utfordringar enn mannlege kollegaer. Her hos oss går det så mykje båtar med ulik tonnasje og frå eit stort spekter av nasjonar, så slike utfordringar vil nok dukke opp. Eg er trygg på at dette er utfordringar Marianne Ingebrigtsen tek på strak arm, seier han.

Godt samarbeid
Ingebrigtsen var ikkje den einaste losen som blei uteksaminert 9. april.
– Vi har hatt to losaspirantar opp til eksamen no. Både Marianne Ingebrigtsen og Thomas Øfeldt har no teke første loseksamen, som gjev dei lossertifikat for strekningane Løddingen–Honningsvåg og Svolvær–Harstad. Begge skal ta langlossertifikatet og då må dei ta utdanninga i tre delar. No har dei teke hovudsertifikatet og skal jobbe som losar ei stund før dei tek fatt på dei neste delane, fortel han.
– Det er viktig å nemne Thomas også, for han har vore ein god samarbeidspartner under heile opplæringstida. Stakkar, han gjekk inn i eit mannsdominert yrke, men så måtte han reise land og strand rundt med meg. Eg er jo ikkje så god på bilprat og slikt, men det har gått bra. Det har vore kvar sin tur til å oppmuntre kvarandre, legg Marianne Ingebrigtsen til.

– Kjekt!
Solgunn Homme Breivik synes det er kjekt å ha fått ein kvinneleg kollega.
– Vi kunne med fordel ha vore fleire. Det er ikkje noko i vegen for at ei kvinne skal kunne vere los i dagens samfunn. Eg trur ikkje vi møter andre utfordringar enn våre mannlege kollegaer. Vi møter menneske frå heile verda, og felles for alle er at dei har respekt for den jobben vi gjer – losyrket. Respekten for losen er den same, både for kvinnelege og mannlege losar, seier Homme Breivik.
– Det er den erfaringa eg har gjort meg også når eg har seilt utanriks. Det er meir fokus på at vi er kvinner her i Norge, og det er her eg har møtt dei mest "sidrompa" haldningane, seier Ingebrigtsen.
Homme Breivik er usikker på kva som kan gjerast for å auke andelen kvinnelege losar.
– Eg trur mange kvinner sluttar til sjøs av familiære årsakar før dei har opparbeidd seg den erfaringa som er naudsynt for å bli teken opp i loslære. Kanskje kan meir fokus på fritida, og det at mange av oss jobbar med heimen som utgangspunkt, gjere losyrket meir interessant for fleire kvinner. Det er jo langt meir familievenleg enn å vere bortreist halve året, meiner ho.