Kleven Maritime vann voldgiftssaka mot Aker Yards

Kleven Maritime har fått fullt medhald i sin argumentasjon i voldgiftssakamot Aker Yards Holding, i følge dommen som kom 7. mars 2008.Voldgiftssaka vart avvikla i februar i år.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kleven Maritime har, i samsvar med avtalen, erkjent ansvar for ein mindre
sum. I dei omtvista spørsmåla er dommen einsidig i Kleven sin favør. Kleven
er også tilkjent sakskostnader.
”Vi har heile tida halde oss til Aksjekjøpsavtalen mellom partane og er glade
for at avtalen vart respektert av voldgiftsretten” seier styreleiar Kjersti
Kleven, som legg til at ein frå Kleven Maritime si side heile vegen har meint
at ein har hatt ei god sak.