Kjempeskipet sjøsett

Tysdag kveld vart byggnummer 302, eit offshorekonstruksjonsskip for Island Offshore/Edison Chouest Offshore, sjøsett ved Ulstein Verft.

Med ei lengd på knapt 160 meter og breidd på 30 meter er dette det største skipet til no frå Ulstein Verft. Onsdag denne veka vert helikopterdekket montert.

– Vi voks oss nesten ut av dokkhallen med dette rekordprosjektet, kommenterer prosjektleiar Per Svein Brekke, som sjølvsagt følgde spent med under utdokkinga. 
– Skipet var allereie i utgangspunktet eit rekordstort skip for oss, men etter ein endringsordre frå reiarlaget auka skipet både i lengd og breidd og vekt. Endringane gjorde at både dekksarealet og tankkapasiteten har auka, seier han.

– Den auka lengda har gitt endringar på maskin- og elektrosystem, og ei generell oppdimensjonering av ein del system. Breidda er auka ved å sette på tankar, såkalla sponsoonar, som er sveiste på skutesida. Endringane gjer at tankkapasiteten har auka, og dekksarealet er nesten 600 kvadratmeter større, seier Stig Andor Engen, som er koordinator på prosjektet. 

- Det er montert eit stort mezzanindekk på akterskipet.

Den store 400-tonnskrana vert oppgradert med vaier ned til 4000 meter. – Eit ‘Emergency Shutdown System’ er også blant dei store tillegga som er med i ordren, seier han.

Skipet har tre moonpoolar der den største måler heile 10,2 gongar 10,2 meter. Den store moonpoolen kan bli nytta til oppgåver som å sette ned utstyr og kablar på havbotnen, medan det er fjernstyrte miniubåtar (ROV-ar) som skal settast ned gjennom dei to mindre moonpoolane.

Skipet er eigd i fellesskap av Island Offshore i Ulsteinvik og USA-baserte Edison Chouest Offshore. Det er sistnemnde som skal drifte skipet, difor ber skipet deira fargar og logo. Skipet er planlagd for levering i fjerde kvartal 2015.