Kan revolusjonera oljelasting til havs

Ein koloss av eit nytt fartøy er under bygging hos Aibel i Haugesund. Fartøyet skal gjera det mogeleg å lasta olje til havs om bord i tankskip utan spesialutstyr for bøyelasting.

Kolossen, som står på kaien hos offshoreverftet Aibel i Haugesund, minner lite om skip i tradisjonell tyding. Men det er høgt og ruvande og skal torsdag bli enda høgare ettersom ein byggekloss med skipets oransje overbygg skal løftast på plass.

Totalt vil skipet bli 58 meter høgt.

Tre om bord

Nybygget skal ha tre personar på jobb om bord: ein maskinist og to DP-operatørar. Byggverket sprengjer tradisjonelle grenser og er nå blitt registrert og godkjent som ein ny skipstype hos klasseselskapet Det norske Veritas.

Remora skal eiga

Det nye skipet, som er blitt kalla Hiload av eigar- og utviklingsselskapet Remora, skal stasjonerast på oljefeltet og der tilby lasting av tankskip.

Tilkobling til tankskipet skjer ved at nyvinningen Hiload pressar si svære flate på 550 kvadratmeter med gummipakningar under og langs sida av skipet.

Friksjonskrefter

– Friksjonskreftene, saman med smart regulering av ballastvekta i det nye fartyøet, vil gi eit sikkert grep under lasting, seier Tore Lea, dagleg leiar i Remora.

Den nye skipstypen Hiload blir utstyrt med kraftig maskineri (10.500 hestekrefter) fordelt på tre uavhengige system med avansert propell- og navigasjonssystem kalla DP 2 Pluss.

– Systemet er dimensjonert for å kunne halda i fast posisjon ein supertankar (VLLC) på inntil 320.000 tonn i 4,5 meter signifikant bølgehøgde. Det vil sei bølger på inntil ni meter, seier Tore Lea i Remora.

Les hele denne artikelen hos aftenbladet.no

DEL