Kan revolusjonera oljelasting til havs

Ein koloss av eit nytt fartøy er under bygging hos Aibel i Haugesund. Fartøyet skal gjera det mogeleg å lasta olje til havs om bord i tankskip utan spesialutstyr for bøyelasting.

Kolossen, som står på kaien hos offshoreverftet Aibel i Haugesund, minner lite om skip i tradisjonell tyding. Men det er høgt og ruvande og skal torsdag bli enda høgare ettersom ein byggekloss med skipets oransje overbygg skal løftast på plass. Totalt vil skipet bli 58 meter høgt. Det er Aftenbladet som melder dette på sin hjemmeside.

Tre om bord
Nybygget skal ha tre personar på jobb om bord: ein maskinist og to DP-operatørar. Byggverket sprengjer tradisjonelle grenser, og er nå blitt registrert og godkjent som ein ny skipstype hos klasseselskapet Det norske Veritas.
Det nye skipet, som er blitt kalla Hiload av eigar- og utviklingsselskapet Remora, skal stasjonerast på oljefeltet og der tilby lasting av tankskip. Tilkobling til tankskipet skjer ved at nyvinningen Hiload pressar si svære flate på 550 kvadratmeter med gummipakningar under og langs sida av skipet.

Friksjonskrefter
– Friksjonskreftene, saman med smart regulering av ballastvekta i det nye fartøyet, vil gi eit sikkert grep under lasting, seier Tore Lea, dagleg leiar i Remora, til Aftenbladet.
Den nye skipstypen Hiload blir utstyrt med kraftig maskineri (10.500 hestekrefter) fordelt på tre uavhengige system med avansert propell- og navigasjonssystem kalla DP 2 Pluss.
– Systemet er dimensjonert for å kunne halda i fast posisjon ein supertankar (VLLC) på inntil 320.000 tonn i 4,5 meter signifikant bølgehøgde. Det vil sei bølger på inntil ni meter, seier Tore Lea i Remora.

481HiLoadDP_274562419.jpg

Manglar fast jobb

Utvikling og bygging av denne aller første modellen av Hiload har kosta nær 500 millionar kroner. Førebels har den nye skipstypen ikkje fått fast jobb.
– Remora skal eiga skipet og leiga det ut på timecharter til oljeselskap. Skipet eller lastebøyen kan flyttast rundt i heile verda. Mest truleg blir den første jobben i det sørlege Atlanterhavet, der det manglar godt utbygd system for bruk av skytteltankarar med bøylastingsutstyr eller system for røyrtransport av olje, seier Tore Lea.

Sikker lasting
– Nyleg har me opplevd stort oljesøl i Nordsjøen i samband med oljelasting. Vil dette systemet bli sikrare enn dagens?
– Det vil det ettersom tilkobling av oljeslangen skjer lett synleg på skipsdekket. Dermed blir oljelastinga godt synleg og kan lett overvakast. Dessutan kan Hiload-fartøyet raskt koblast frå og flytta seg både i høve til oljetankskipet og frå oljeinstallasjonen dersom noko skulle skje, seier Remoar-sjefen.

Vil byggja fleire
Planen er å byggja fleire silke lastebøyar. – Remora har opsjon på bygging av fleire ved Aibel. Men ingen ting er vedtatt ennå, seier Tore Lea.
Remora er eit selskap med hovudkontor i Stavanger. John Gjedebo er styreleiar og største aksjonær.

DEL