Gå til innhold
Annonse

Vil du jobbe i eit leiande designselskap innan fiskefartøy?

Har du ingeniør- eller maskinutdanning, eller kanskje erfaring frå sjøen med teknisk kunnskap? 

Naval Consult er eit uavhengig og velrenommert skipsteknisk konsulentselskap lokalisert midt i skipsleia på Raudeberg i Vågsøy. Vi utformar morgondagens effektive, lønsame og miljøvenlege fartøy, og er no tungt inne i utviklinga av nye prestisjefartøy. Vi ser derfor etter nye medarbeidarar som vil ta del i utviklinga av våre effektive og klasseleiande design.  

Vi er på jakt etter personar med ingeniør- eller maskinistutdanning, eventuelt sjøfolk med teknisk kunnskap. Erfaring med 3D Cad verktøy som til dømes Cadmatic, Rhino, Solidworks etc er ein fordel. 

Arbeidsoppgåver 
(Fleire oppgåver kan vere aktuelle for same stilling, avhengig av søkar sine kvalifikasjonar)
- Strukturdesign og styrkeberekning
- Maskinsystem / lastesystem
- Skipsdesign (Arrangement, stabilitet, linjer etc.)
- 3D-modellering

Erfaring frå arbeid om bord på skip er ein fordel, då eit av våre største fortrinn er god innsikt i det som skjer på fartøyet. Vi arbeider også internasjonalt, og er difor interessert i fleirspråklege søkjarar.

Vi har over 35 års erfaring og vert av mange rekna som det fremste designselskapet innan større kystfiskeflåte. Du vil ha varierte arbeidsoppgåver og samarbeide med erfarne ingeniørar og maskinistar med stor fagleg innsikt. Rette personar vil bli tildelt prosjektansvar eller ta del i sal. Du vil raskt få mykje ansvar og ha tett kontakt med verft og rederi.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår.  

Bu i Vågsøy
Vågsøy ligg yst i havgapet og har eit svært spennande næringsliv med fleire havnæringsbedrifter, eit stort teknologimiljø og tette band med resten av verda. Området har eit breitt fritidstilbod med aktivitetar som segling, dykking, vakre strender, idrett, fjellturar og meir. Her får du gode oppvekstmiljø for barn og unge og rimelege bustadprisar. 

Søknad og CV sender du til dagleg leiar, Erlend Hagen: erlend@naval-consult.no
Kontakt oss gjerne om du har spørsmål om stillinga: 97159878

 

Se full utlysing av stillinga her!

 

 

ShipJobs
Naval Consult AS
Naval Consult AS

Søknadsfrist: 24.05.2019
Sted: Vågsøy

Kontaktinformasjon:

Dagleg leiar, Erlend Hagen
Email: erlend@naval-consult.no
Tlf.: 971 59 878