Gå til innhold
Annonse

Teknisk inspektør

Me søkjer no etter ein initiativrik teknisk inspektør med erfaring frå maritim drift. Dette er ei nyoppretta stilling, der du vil vere ein viktig bidragsytar for å bygge system som ivaretar teknisk drift og vedlikehald av selskapet sine fartøy og havbruksaktivitetar.  

Stillinga rapporterer til teknisk sjef, sjø og har kontorstad ved vårt hovudkontoret på Bømlo. Noko reiseaktivitet må påreknast.

Arbeidsoppgåver
- drift og oppfølging av vedlikehaldssystem for fartøy og fôringsflåtar i konsernet
- delta i planlegging, oppfølging og gjennomføring av verkstadopphald
- kontinuerleg driftsoppfølging av fartøy og fôringsflåtar
- teknisk inspeksjon av selskapet sine fartøy
- sørge for at fartøy blir operert i samsvar til
  klasse-/myndigheitskrav, samt interne kvalitetskrav
- bidra med fagleg innhald og utvikling av vedlikehaldssystem for ulike fartøy
- budsjett- og kostnadskontroll
- kvalitetssikring og avvikshandtering
- opplæring og driftsstøtte til personell på sjø
  og andre arbeidsoppgåver knytt til teknisk drift

Kvalifikasjonar
- teknisk og/eller maritim utdanning
- erfaring frå maritim drift
- kjennskap til ISM-koden, NYTEK-forskriften,
  samt fartøysinstruks for båtar mellom 8-15 meter
- gode IT-kunnskapar
- gode kunnskapar i bruk av vedlikehaldssystem
- Personlege eigenskapar
- god lagspelar og teambyggjar, som ser og motiverer andre
- fagleg dyktig, påliteleg og engasjert
- tar initiativ, ser moglegheiter og evner å drive endringsprosessar framover
- strukturert og løysingsorientert, både i sjølvstendig arbeid og i team
- du møter ei næring med høg innovasjonstakt og vekst med å vere fleksibel og omstillingsdyktig

Me tilbyr
- høve til å påverke utviklinga i ein bransje og eit selskap i vekst
- ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- nye og moderne flåte-/driftsmidlar

ShipJobs
Bremnes Seashore
Bremnes Seashore

Søknadsfrist: 13.01.2019
Sted: Bremnes

Kontaktinformasjon:

Ernst Olav Helgesen
Teknisk sjef, Sjø
Tlf. 95253833