Gå til innhold
Annonse

MASKINPASSAR - 3 STYKK

Mannskap til ambulansebåt i Sunnhordalandsbassenget

KVALIFIKASJONAR:

  • Ferdighetssertifikat motormann eller kompetansesertifikat maskin. (Eller kvalifikasjonar/erfaring nok til å løyse dette).
  • Kvalifikasjonsbevis for hurtigbåt.
  • Godkjent helseattest.
  • Krise- og passasjerhandteringskurs.
  • Tryggleikskurs (IMO50 el. tilsvarande)
  • God IT kunnskap.
  • Det er ein fordel om søkaren har erfaring frå liknande arbeid. 
  • Det er ein fordel med teknisk kompetanse.

ME SER ETTER DEG SOM HAR:

  • God kommunikasjonsevne,
  • Er positiv, påliteleg, fleksibel,
  • Kvalitetsbevisst
  • Har evne til å “stå på”.

Stillingsprosent: 100 %
Lønn: I samsvar med tariff/etter avtale (Fastlønsavtale)
Tiltreding: I tidsrommet 1. mars 2019 - 1. april 2019

Om Arbeidsgiver:

GulenSkyss er etablert med kontor i vakre Eivindvik som ligg i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden, yst mot havet.

For tida driv me fire rutesamband i Hordaland og Sogn og Fjordane på oppdrag frå fylkeskommunane. I tillegg til dette har me ein del charterkøyring i sommarhalvåret, samt sporadiske turar utover heile året. Me tilbyr også transporttenester til olje- og offshorenæringa, blant anna med mannskapsbyter, standbyfartøy, osv. 

GulenSkyss har vunne anbodet om drift av ambulansebåt i Sunnhordalandsbassenget. I samband med det så har me ein ny ambulansebåt under bygging. Denne båten vil verte bemanna av skipper og maskinpassar. Me skal starte opp på Sunde frå 1.april 2019 og treng difor 3 maskinpassarar/lettmatros med hurtigbåtkvalifikasjonar. Stillinga er ei 100 % stilling i ein 1:2 rotasjon. Ei veke på, to veker av.

Merk at alle søknadar skal sendast inn via søknadsskjemaet under. Ha klar CVen din for opplasting.

 

ShipJobs
GulenSkyss AS
GulenSkyss AS

Søknadsfrist: 21.10.2018
Sted: Eivindvik

Kontaktinformasjon:

Daniel Kvernøy
Driftleiar
Tlf: +47 91 12 09 32

SØK HER