Island Constructor vart sjøsett

Island Constructor
Det største skipet med ULSTEIN X-BOW til no, “Island Constructor”, har vore skjult inne i dokkhallen til Ulstein Verft i lang tid. Søndag 3 februar vart ho utdokka.

Skipet ruvar godt. Då det låg i den 40 meter høge dokkhallen nådde det nesten heilt i taket, medan fleire meter av akterenden stakk ut av porten. Fram til sjøsettinga var det difor vanskeleg å danne seg eit skikkeleg inntrykk av skipet, men endeleg har skipet kome på sjøen.
– Det er eit flott skip, og innovasjon i verdsklasse, fortel prosjektleiar Runar Muren i Ulstein Verft.
Skipet skal leverast til Island Offshore i slutten av mai. Skipet er det første i ULSTEIN S-serien, og skal nyttast til avansert brønnintervensjon offshore. Skipet skal mellom anna utrustast med eit svært tårn til dette føremålet. Skipet av typen ULSTEIN SX121 er også det største til no med ULSTEIN X-BOW, og er 120,2 meter langt og 25 meter breitt.
I treårsperioden 2008-2010 skal det leverast 20 design på ULSTEIN X-BOW-skip frå Ulstein Design til sju ulike reiarlag.

DEL