Island Constructor er levert

Viseadm dir Harald Møller i Ulstein Verft og adm dir i Island Offshore Håvard Ulstein signerte overleveringspapira for bnr 279 kl 1215 23. mai.
– Vi set særs stor pris på å få skipet til avtalt tid, noko som ikkje er sjølvsagt i dag. Erfaringane både når det gjeld kvalitet og samarbeid med dei tilsette i Ulsteinkonsernet har vore veldig gode, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.
Bygg nummer 279 frå Ulstein Verft vart overlevert til Island Offshore 23. mai, og laurdag 24. mai vert skipet døypt.
– Skipet vart kontrahert i ei tid der marknaden var svært oppheita. Difor er vi imponerte over at Ulstein igjen klarer å oppretthalde leveringstida. Vi har ansvar overfor våre kundar, og då er det kjekt å kunne stille skipet til disposisjon i samsvar med avtale, fortel Håvard Ulstein.

Adm dir i Ulstein Verft, Karsten Sævik, takka på eit informasjonsmøte fredag dei tilsette for den gode innsatsen som er lagt ned på å få Island Constructor ferdig på tid.
IC_levert2_375143576.jpg
Kaptein Roar Kvalsund (til venstre) heisar Island Offshore-flagget.

DEL