Havila Kystruten vil ikkje lengre frakta el, hybrid eller hydrogenbilar.

Vil kun frakta fossilbilar

Havila Kystruten har tatt ei avgjerd om å ikkje lengre frakta el, hybrid- og hydrogenbilar, i tillegg vil om bord- og i landkøyring av fossile bilar kun skje i Bergen og Kirkenes.

Publisert Sist oppdatert

Dette skjer etter ein risikoanalyse utført av Proactima AS melder selskapet sjølv i ei pressmelding.

– Dette er ei rein sikkerheitsvurdering, og konklusjonen av risikoanalysen syner at ein eventuell brann i fossile køyretøy vil kunne handterast av systema og mannskapet me har om bord, forklarar administrerande direktør Bent Martini.

Han peiker på at ein eventuell brann i ein el-, hybrid- eller hydrogenbil vil kreva ekstern redningsinnsats, som vil kunne setja folk og skip i fare.

– Me tek sikkerheita på alvor, og dette er naturlegvis ein risiko me ikkje under nokon omstendigheit er villig til å ta.

Jobbar med ei løysing

Martini fortel at dei jobbar vidare for å finna løysingar som gjer at dei kan minimera risikoen ved transport av denne type køyretøy i framtida.

Han har forståelse for at det kan verka som ei uvanleg avgjerd, då Havila Kystrutens skip er utrusta med verdas største batteripakkar på eit passasjerskip.

Han peikar han på at deira skip er bygd med eigne batteripakkar, som er installert i henhold til krava for brannsikkerheit på skip. Det tyder at deira batteri er separert i isolerte og brannsikre rom, med spesifikke brannvernsanlegg.

Kun Bergen og Kirkenes

Selskapet har òg bestemt at det kun vert om bord- og ilandkøyring av private køyretøy i Bergen og Kirkenes.

Servicekøyretøy for personell som gjer naudsynt arbeid om bord selskapets skip og utrykningskøyretøy vil framleis ha denne moglegheita frå andre hamner.

– Det er begrensa kapasitet til køyretøy om bord. Dette grunna plassbehov i lasterommet til kontraktfesta frakt av annan last. Testing i løpet av dei siste åra syner òg at me opplever utfordringar i enkelte hamner basert på variasjonar i tidevatnet. Me ynskjer ikkje å risikera skader på verket køyretøy eller skip ved handtering av private køyretøy, forklarar direktøren.