Harding leverer Johan Sverdrup-livbåtane

FF1200 i fritt fall.

Statoil har tildelt Harding prestisjekontrakten på levering av dei ni frittfallivbåtane som trengst i fase 1 av Johan Sverdrup-utbygginga i Nordsjøen.
– Ordren er ei solid stadfesting av kvaliteten på produkta våre, kompetansen og engasjementet til alle våre tilsette, og effekten av den store omstillingsjobben vi har gjort for å styrkja konkurranseevna i ein tøff marknad, uttalte en glad og stolt Harding-direktør, Styrk Bekkenes, etter kontraktsigneringa.

Kontrakten omfattar ni FF1200-livbåtar med ni tilhøyrande LA 1200 SU-davitar, og utgjer ein relativt stor ordre i Harding-målestokk. Dei ni livredningssystema skal leverast i løpet av 2017, og skal då installerast på bustadplattforma til Johan Sverdrup. Både livbåtar og davitsystem er utvikla av Harding i Noreg. Livbåtane vil bli bygd i Noreg, medan davitane skal samanstillast på ein av Harding sine lokasjonar i utlandet.