Illustrasjonsbilde

Fjord1 med tre nye gassferjer

Fjord1 døypte 21 november 2009 tre nye gassferjer i Gdansk, Polen. Ferjene skal trafikkere Moldefjorden i Møre og Romsdal, med oppstart i 2010.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fjord1 sette i drift verdas først gassferja, Glutra, i Møre og Romsdal i 2000, og er framleis åleine i marknaden på drift av bilførande gassferjer. Ferjesambanda på Kyststamvegen i Rogaland og Hordaland har sidan 2007 blitt trafikkert av fem slike ferjer frå Fjord1. I 2010 vil dei tre nye ferjene Moldefjord, Fannefjord, og Romsdalsfjord bli sett inn i sambandet Molde - Vestnes.
Gass gir miljøgevinst
Dei nye ferjene vil gje ein vesentleg reduksjon i NOx-utsleppa. - Samanliknar ein alle gassferjene våre med konvensjonelle dieseldrivne ferjer, er NOx-utsleppa redusert med rundt 90 prosent. Det tilsvarar meir enn dei samla utsleppa frå dagens personbilpark i Oslo, seier administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal.
Utslepp av røyk og sotpartiklar vil bli så godt som borte. - Fordi naturgass er eit reint drivstoff vil så godt som alle utslepp av partiklar og svovel fjernast, seier Grøvdal. Han peikar og på at CO2-reduksjonen vil bli på omlag 20 prosent samanlikna med dieseldrivne ferjer.
For dei reisande på Molde-Vestnes sambandet vil dei nye ferjene gje eit betre tilbod med lastekapasitet på 128 personbilar, som inneber ca 20 prosents auke i kapasiteten på sambandet samanlikna med dagens tilbod.
Frå Noreg deltok 73 gjestar på dåpsseremonien ved verftet, saman med ambassadør Enok Nygaard ved Kongelig Norsk Ambassade i Warszawa, samt Michał Rzeszewicz og representantar frå Remontowa skipsverft under leiing av Jaroslaw Flont. Lokale æresgjester inkluderte Pomeranian Voivode, Roman Zaborowski og Vice-President of Gdańsk – Andrzej Bojanowski.
Gudmødrene for ferjene var:
o Rigmor Andersen Eide, stortingsrepresentant og styremedlem i Fjord1 MRF, gudmor for Moldefjord
o Trine Otterlei, overstyrmann, og tillitsvalgt for norsk sjøoffisersforbund, gudmor for Romsdalsfjord
o Marit Øverås, regnskapssekretær i Fjord1 MRF, gudmor for Fannefjord
Ferjedrifta vert meir miljøvenleg
Fjord1 er glad for at myndigheitene satsar meir på miljøvenlege ferjeløysingar.
- Det at styresmaktene har sterkt fokus på både LNG og andre miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng er svært gledelig, seier konsernsjef Leif Øverland i Fjord1. Norge er i tet på denne satsinga, legg han til.
Gjennom Fjord1 sine avtalar med Statens Vegvesen vil selskapet ha 11 gassferjer i drift langs norskekysten – som gjer selskapet leiande i verda.
Øverland meiner miljøtiltak, forretningssuksess og kundenytte bør gå hand i hand.
- Dersom vi skal bli eit meir miljøvenleg samfunn, må det løne seg for kundar og selskap å ta i bruk miljøvenleg teknologi.