Fra venstre: Per Orset (ved flagget), Jøris Eik, Tadeus Tiotrowsky, Anker Grøvdal, Jan Paszkowsky og Jon Aage Rasmussen.

Fjord 1 med ny gassferje

Fjord1 har i no fått overlevert Fannefjord, nummer to i rekka av tre nye gassferjer i produksjon i Gdansk, Polen. Ferja skal trafikkere Moldefjorden i Møre og Romsdal, med oppstart etter påske.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Miljøsatsinga har gjort selskapet leiande i verda på naturgassdrivne ferjer
Fjord1 sette i drift verdas først gassferja, Glutra, i Møre og Romsdal i 2000, og er framleis åleine i marknaden på drift av bilførande gassferjer. Ferjesambanda på Kyststamvegen i Rogaland og Hordaland har sidan 2007 blitt trafikkert av fem slike ferjer frå Fjord1. I 2010 vil dei tre nye ferjene Moldefjord, Fannefjord, og Romsdalsfjord bli sett inn i sambandet Molde - Vestnes.
Gass gir miljøgevinst
Dei nye ferjene vil gje ein vesentleg reduksjon i NOx-utsleppa. - Samanliknar ein alle gassferjene våre med konvensjonelle dieseldrivne ferjer, er NOx-utsleppa redusert med rundt 90 prosent. Det tilsvarar meir enn dei samla utsleppa frå dagens personbilpark i Oslo, seier administrerande direktør i Fjord1 MRF Anker Grøvdal.
Utslepp av røyk og sotpartiklar vil bli så godt som borte. - Fordi naturgass er eit reint drivstoff vil så godt som alle utslepp av partiklar og svovel fjernast, seier Grøvdal. Han peikar og på at CO2-reduksjonen vil bli på omlag 20 prosent samanlikna med dieseldrivne ferjer.
For dei reisande på Molde-Vestnes sambandet vil dei nye ferjene gje eit betre tilbod med lastekapasitet på 128 personbilar, som inneber ca 20 prosents auke i kapasiteten på sambandet samanlikna med dagens tilbod.
Ferjedrifta vert meir miljøvenleg
Fjord1 er glad for at myndigheitene satsar meir på miljøvenlege ferjeløysingar.
- Det at styresmaktene har sterkt fokus på både LNG og andre miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng er svært gledelig, seier konsernsjef Leif Øverland i Fjord1. Norge er i tet på denne satsinga, legg han til.
Gjennom Fjord1 sine avtalar med Statens Vegvesen vil selskapet ha 11 gassferjer i drift langs norskekysten – som gjer selskapet leiande i verda.
Øverland meiner miljøtiltak, forretningssuksess og kundenytte bør gå hand i hand.
- Dersom vi skal bli eit meir miljøvenleg samfunn, må det løne seg for kundar og selskap å ta i bruk miljøvenleg teknologi.