Fiskebåten «Kvalstein» blir snart pensjonert

Torstein Kvalsvik er eigar av «Gamle Kvalstein», og har også vore skippar om bord i dei åra fartøyet har fungert som prøvetakingsbåt for Havforskingsinstituttet. Foto: Gunnar Sætra/HI

Etter fem år i teneste går «Gamle Kvalstein» sin siste prøvetakingstur for Havforskingsinstituttet. Takk vere innsatsen er det tatt prøvar av til saman nærare 100 000 fisk, og årleg er meir enn 60 fiskebruk langs kysten av Nord-Noreg besøkt fleire gonger, skriv Havforksningsinstituttet på sine nettsider.

Oppdraget frå Havforskingsinstituttet (HI) vert avslutta i Bodø denne helga. Sidan 2012 har «Gamle Kvalstein», som snart rundar 50 år, gått i rute mellom fiskemottaka langs kysten mellom Varanger og Helgeland. Eigar Torstein Kvalsvik har vore skippar, og om bord har det vanlegvis også vore med to medarbeidarar frå HI.

Teamet om bord på «Gamle Kvalstein» har tatt prøvar av landa fangst; i hovudsak torsk, sei og hyse, men også andre artar som blåkveite, uer, lange og kveite.

– Desse prøvane er svært viktige for Havforskingsinstituttet. Saman med fiskeriprøvar frå referanseflåten, kystvakt og andre, er desse fangstprøvane heilt avgjerande for at vi skal kunna rekna ut kor mykje fisk av kvar årsklasse som vert landa, fortel forskar Håkon Otterå som er ansvarleg for denne delen av fangstprøvetakinga på HI.

Otolittane blir undersøkte i mikroskop enten om bord eller seinare på land for å fastsetja alderen på fisken. Kor mange torsk, hyser og seiar som er fiska i dei ulike årsklassane er viktige grunnlagsdata for bestandsmodellane som blir brukt til å gje kvoteråd, fortel Otterå.

Kontrakten med «Gamle Kvalstein» går ut ved årsskiftet, og ny båt tek over etter anbodskonkurranse. «Falkungen» overtar som prøvebåt for Havforskingsinstituttet dei neste fire åra, opplyses det.