Gå til innhold
Annonse

Nærskipsfartkonferansen 2019

Nærskipsfartskonferansen 2019 går av stabelen den 11.-12. mars på Clarion Hotel Admiral i Bergen. Konferansen startar med lunsj måndag den 11. mars.

Konferansen er meint som ein felles møteplass mellom rederi som er medlem av Kystrederiene, sjømannsorganisasjonane og medlemmer av sjømannsorganisasjonane som har sin arbeidsplass hos Kystrederiene sine medlemer. Konferansen er eit samarbeid mellom Kystrederiene, Norsk Sjøoffisersforbund, Norsk Sjømannsforbund og Det norske maskinistforbund.

Temaet på årets konferanse er framtidas sjøtransport. Vi ser nærmare på moglegheiter og utfordringar. Kva teknologisk utvikling vil skje? Kva moglegheiter vil digitalisering føre med seg? Kva type kompetanse vil bli etterspurt framover?

På første dag av konferansen vil det bli innlegg frå leiarane i organisasjonane. Vi inviterar så inn politikarane Harald Viktor Hove (H), Ruth Grung (AP) og Julie Andersland (V) og utfordrar dei til debatt om sjøtransportens framtid. Avsluttar så dagen med felles middag på kvelden.

Dagen etter vil det bli innlegg både frå medlemsrederi og medlemar i sjømannsorganisasjonane. Blandt anna stiller Mostraum og Napier opp og snakkar om sjøtransport frå sin ståstad. Tema her er fortsatt framtidas sjøtransport; kva kompetanse ser ein etter? Kva må til for at sjøtransporten skal lukkast framover? Denne dagen stiller også sentrale aktørar som Kystverket og Sjøfartsdirektoratet med innlegg.

Program Nærskipskonferansen 2019

Ta kontakt med Kenneth Erdal på e-post kenneth@kystrederiene.no for påmelding.

Vel møtt!

Sted
Clarion Hotel Admiral i Bergen
Startdato
11.03.2019
Sluttdato
12.03.2019
Annonse