– Bourbon Dolphin utsett for større krefter enn skipet var designa for

Tore Ulstein
– Kommisjonen som vart nedsett for å identifisere årsakene til forliset av Bourbon Dolphin 12. april i fjor har gjort eit grundig arbeid etter at dei vart tildelt den vanskelege og tunge oppgåva. Vi opplever at rapporten er grundig og utførleg på mange punkt. Kommisjonen har peika på at ei rekkje samverkande omstende førte til forliset av Bourbon Dolphin, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulsteinkonsernet.
– Ulstein Verft har følgd alle gjeldande reglar og forskrifter i bygginga av skipet, og vi ser i konklusjonane til kommisjonen at det ikkje vert lagt fram tilrådingar til endringar i eksisterande regelverk. Det går tydeleg fram av rapporten at det var ingen feil med skipet sitt design. Fartøyet vart utsett for krefter det ikkje var designa for, fortel han.
– Nokre av punkta kan relaterast til Ulstein:
Stabilitetsmessige utfordringar er ikkje tilstrekkeleg kommunisert frå verft til reiarlag?
– Ulstein leverte ein godkjent stabilitetsmanual med eksempel på realistiske kondisjonar. I ein slik manual vil ein ikkje kunne operere med uttømande eksempel på kondisjonar, då manualen vil bli for omfattande. Aktuelle kondisjonar utover dei som er oppførte i stabilitetsmanualen skal bereknast manuelt om bord i skipet, det gjeld ikkje minst ved ankerhandtering. Eit verktøy som hjelper mannskapet i dette arbeidet er lastkalkulatoren som var installert om bord, der mannskapet skal legge inn dei aktuelle kondisjonane til ei kvar tid, og få umiddelbart svar frå datamaskinen.
Under gitte lastkondisjonar hadde ikkje skipet tilstrekkeleg stabilitet?
– Dette vil vere tilfelle for eit kvart fartøy, og er også eit faktum her. I det eit skip sine begrensingar blir overskridne, kan det få fatale følgjer, seier Tore Ulstein og held fram:
– Føremålet med å ha lastkalkulatoren om bord er at ein i forkant raskt kan berekne og følgje med på skiftande ekstreme belastningar som fartøyet blir utsett for under krevjande marine operasjonar.
– Ulstein vil vidareføre arbeidet med ein høg grad av sikkerheit i våre skip. Allereie før ulukka skjedde gjekk Ulstein inn i eit forskingsprosjekt innan krevjande marine operasjonar saman med andre tunge aktørar i den maritime klynga, som eit ledd i vår kontinuerlege fokus på sikkerheit innan slike operasjonar. Dette arbeidet har vorte ytterlegare forsterka i etterkant av den tragiske ulukka.
DEL