Illustrasjon av X-BOW: Ulstein

Vurderar hydrogenbrenselsceller for containerskipskonsept

EDGE Navigation og Ulstein Design & Solutions vurderar bruk av modulære hydrogenbrenselsceller for å oppnå fossilfri framdrift.

Publisert Sist oppdatert

Partnarane samarbeidar med ABB for å utvikle løysninga basert på brenselsceller frå Ballard Power Systems. 

- Hydrogen er i ferd med å vekse fram som framtidig energiberar på tvers av bransjar, og vi er glade for å jobbe saman med ABB og Ballard Power Systems om å utvikle ei løysing for modulære hydrogenbrenselsceller for designa som Ulstein Design & Solutions utviklar, heiter det i ei pressemelding. 

Grøn ambisjon 

EDGE Navigation skriv i pressemeldinga at dei har ein ambisjon om å få økonomiske, skalerbare containerskip med fossilfri framdrift ut i marknaden innan året 2025. 

- Frakteskipa står for tre prosent av dei globale klimagassutsleppa (greenhouse gas - GHG). Med dei fallande kostnadene innan fornybar energi og teknologi kan vi få utvikla nye, effektive design som vil legge forholda til rette for energiomstillinga i den maritime industrien. Eit paradigmeskifte innan kva energi som vil bli brukt til maritimt drivstoff framover vil vere uunngåeleg. Ein kvar innsats for å redusere dei globale GHG-utsleppa må også omfatte investeringar i å redusere GHG-utsleppa i den globale forsyningskjeda, slår administrerende direktør i EDGE Navigation, Jakob Tolstrup-Møller fast.

- Med den stadig aukande etterspurnaden etter løysingar for berekraftig og ansvarleg skipsfart, er vi sikre på at hydrogenbrenselsceller vil spele ei viktig rolle i å hjelpe den maritime industrien til å nå måla for CO2-reduksjon, seier Jostein Bogen, som er Global Product Line Manager for Electric Solutions, ABB Marine & Ports.

Nullutsleppsløysning  

Jesper Themsen, som er administrerande direktør i Ballard Fuel Cell Systems Europe AS, utdjupar:
- PEM-brenselscellesystema våre gir ei nullutsleppsløysing med særleg stor verdi for applikasjonar som treng medium til stor kraftyting, blant anna fartøy, bussar, lastebilar og tog. Vi er glade for å samarbeide med ABB om å følgje opp behova til den maritime industrien, og for at Ulstein og EDGE Navigation ønskjer å bruke Ballard sitt brenselscellesystem til X-BOW containerskip.

- I denne fasen der vi skal utvikle konsept for dei framtidige, grøne X-BOW containerskipa er det viktig å kunne samarbeide med framtidsretta aktørar, seier kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions, Lars Ståle Skoge.