VINDSKIP får hybrid-elektrisk framdrift frå Stadt AS

Vindkraft som framdriftssystem på skip har svært høg fokus internasjonalt  i dag . Om dei nye klima og miljømåla skal nåast, er dette konseptet eit svært viktig bidrag, seier Hallvard Slettevoll i teknologiselskapet STADT AS i Gjerdsvika.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det spesielle skroget er utvikla og patentert av ingeniør Terje Lade i Ålesund, som har brukt fleire år på utvikling og modelltestar, heiter det i ein pressemelding.

Dette designet er svært ulikt andre vindbaserte design, i og med at det faktisk ikkje er basert på segl som må heisast og opererast.

Her er det kun utforminga av sjølve skroget som i seg sjølv gjer at vinden dreg skipet framover, så godt som uavhengig av vindretning.

Det er dette systemet Stadt AS skal levere.

Eit trimaranskrog gjer sitt til at skipet får stabilitet og svært lite behov for ballast.

Vind  vert den største energikjelda til skipet si framdrift med over 50 % av trekk-krafta, men den er også kombinert med andre energikjelder, som

LNG-elektrisk og ein batteripakke.  Her er det STADT Lean Propulsion sitt system som skal drive propellen som eit supplement til

vindkrafta.  Miljøavtrykket vert redusert med så mykje som 80 % om ein samanliknar med skip av liknande karakter brukt i dag.

Første og viktigaste  marknaden for desse nye skipa, er til transport av store bil-lastar frå personbilprodusentar i Tyskland etc.

Forhandlingar med fleire bilprodusentar er i gong om bygging av ei serie av desse skipa.  Også andre typer bruksområder vil kome etter kvart.

VINDSKIP vart nyleg nominert til GERMAN DESIGN AWARD 2020 .