Gå til innhold
Annonse
«Havila Capella» og søsterskipet «Havila Castor» er under bygging ved Tersan i Tyrkia. Der går bygginga som planlagt.
«Havila Capella» og søsterskipet «Havila Castor» er under bygging ved Tersan i Tyrkia. Der går bygginga som planlagt.

Havila Kystruten har finansieringa på plass, og bygging og betaling for dei to skipa som vert bygd i Tyrkia går som planlagt. Byggestansen for dei to skipa ved det spanske verftet Barreras er knytt til verftet sine økonomiske problem.

Annonse

Vi har fullfinansiert alle fire skipa og finansieringa har vore på plass i ein lang periode, fortel administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll.

- Det gjer at både betalinga og bygginga av dei to skipa hos Tersane går etter planen. Hos verftet Barreras i Spania ventar ein no på ei avklaring av verftet sin økonomiske situasjon, sier Myrvoll i ein pressemelding mandag. 

Barreras har hatt store vanskar med andre byggeprosjekt, og både styreleiar, administrerande direktør og finansdirektøren ved verftet er kasta. Nyleg tok også verftet ut konkursbeskyttelse.

Alle dei fire skipa fullfinansierte og har vore det i ein lang periode, seier Arild Myrvoll i selskapet. Foto: Helge Martin Markussen
Alle dei fire skipa fullfinansierte og har vore det i ein lang periode, seier Arild Myrvoll i selskapet. Foto: Helge Martin Markussen

- Havila Kystruten kan ikkje betale til verftet utan at bankane kan gi oss garantiar, men vi er klare når det er på plass. Havila Kystruten har betydeleg eigenkapital, og i tillegg til inngåtte låneavtalar, er alle dei fire skipa fullfinansierte og har vore det i ein lang periode.

Tekniske løysingar på plass

I sommar vart det klart at det var tekniske utfordringar rundt vekt og djupgang for dei fire skipa. Det er det funne løysingar på både for bygginga hos Tersan og Barreras. Difor ventar no Havila Kystruten berre på økonomisk avklaring hos Barreras.

- Men dette er avhengig av andre aktørar enn oss, verftet sjølv, finansinstitusjonar og andre kundar. Vi håper på ei snarleg avklaring, og straks den er klar, er vi klar. Vi har både finansieringa og dei tekniske løysingane på plass, fastslår Myrvoll.

Drift frå januar 2021

Havila Kystruten har kontrakt med Samferdselsdepartementet som seier at dei skal drifte fire skip på kystruta mellom Bergen og Kirkenes frå januar 2021.

- Det skal vi finne ei løysing på. Vi har tett kontakt med Samferdselsdepartementet, vi held framdrifta på dei to skipa som vert bygde i Tyrkia og vi arbeider for å ha på plass ei løysing slik at vi kan overhalde kontrakten og levere trygg og god transport langs kysten på alle dei fire rutene, seier Myrvoll.

Annonse