Bob Rietveldt og Tore Ulstein signerte i dag den endelege avtalen som inneber at Ulsteinkonsernet kjøper det Nederland-baserte selskapet Sea of Solutions. - Saman skal vi skape enda fleire nye og betre løysningar, seier Rietveldt optimisitisk.

ULSTEINKONSERNET KJØPER SEA OF SOLUTIONS: STYRKAR SEG INNAN HEAVY OFFSHORE

Avtalen som inneber at Ulsteinkonsernet kjøper det Nederland-baserte selskapet Sea of Solutions vart signert i dag. - Dette er svært gledeleg og eg er overtydd om at dette vil styrke konsernet for framtida, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Ulsteinkonsernet ønskjer å utvikle seg til å bli eit attraktivt kontaktpunkt for store oljeselskap og offshorekontraktørar i forsøk på å finne nye og alternative løysingar til desse utfordringane. Saman med Sea of Solutions vil Ulsteinkonsernet få større produkt- og tenesteportefølje og auka kompetansen innan prosjektutvikling. Selskapet har allereie demonstrert at dei er i stand til å utvikle krevjande løysingar, seier Tore Ulstein administrerande direktør i Ulstein International.
Både Ulsteinkonsernet og Sea of Solutions har leiande posisjonar innan internasjonal offshoreindustri og er kjende for innovative skipskonsept.
- Vi ser mange likskapar mellom Sea of Solutions og Ulsteinkonsernet. Som innovatørar har vi både Sea of Solutions og Ulstein brukt tid på å lære oss utradisjonell tenking innan design og utvikling. Difor er det særs spennande å sjå kva som kan kome ut av det når to så innovative selskap slår hovuda saman, påpeikar administrerande direktør Tore Ulstein i Ulstein International.
Bob Rietveldt, som er marknadsdirektør i Sea of Solutions, er viss på at selskapet vil vekse på å verte ein del av Ulstein: - Vi kan då tilby kundane våre eit breiare tilbod, seier han.
- Sea of Solutions utviklar store offshorekonstruksjonsfartøy som vil verte eit nytt tilskot til Ulstein sin produktportefølje. Skipa vert nytta til undervassoperasjonar som boring, rørlegging og tungløftsoperasjonar. Dette er store, flytande produksjonsskip, og selskapet Sea of Solutions har opparbeidd eit solid omdøme innanfor dette segmentet, fortel Tore Ulstein.
Både Ulsteinkonsernet og Sea of Solutions har eit godt renommé i den internasjonale offshoremarknaden, og høyrer til i kvar si maritime klynge; Ulstein på Sunnmøre og Sea of Solutions i klynga rundt Rotterdam i Nederland.
- Begge selskapa erfarer fordelane med å vere del av ei klynge. Konkurransekrafta aukar og med samarbeid mellom selskap frå to ulike klynger trur vi gevinsten vil verte enno større. Vi opererer begge innanfor offshoresegmentet, og har etterkvart tileigna oss stor kunnskap innanfor ulike felt på dette området. Difor kan vi lære mykje av kvarandre, seier Bob Rietveldt.
Sea of Solutions er eit ungt og dynamisk selskap som utviklar prosjekt for operatørar, leverandørar og reiarar innan marknaden for prøveboringar, konstruksjon og produksjon og maritim transport, I tillegg til innovative design for nye fartøy, arbeider selskapet også med oppgraderings- og ombyggingsprosjekt. Selskapet vart etablert i 2001, og har i dag tolv tilsette. Det nye selskapet får navnet Ulstein Sea of Solutions.