Ulstein-kontrakt på systemleveransar

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ulstein Power & Control har vunne ein kontrakt med AVIC Weihai Shipyard Co. Ltd. på levering av kraft- og kontrollsystem til to ‘subsea rock installation’-fartøy for Jan De Nul Group.

Fartøya skal nyttast til å legge beskyttande stein over kablar og strukturar på havbotnen på djupner ned til 600 meter.

Dette er ein viktig kontrakt for Power & Control-området, som frå før har solid erfaring innan offshoresegmentet, men som med denne kontrakten kjem inn på eit nytt segment. Dette viser at løysingane er konkurransedyktige og fleksible. Det er svært gledeleg  å få denne kontrakten i ein vanskeleg marknad,  seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Du kan lese meir om leveransen i Skipsrevyen nr 7/2015.