Ulsteinkonsernet inviterer til 90-årsfest laurdag

Ulstein inviterer til folkefest

Ulsteinkonsernet er i hundre når 90-årsjubileet vert feira førstkomande laurdag. Om lag 150 aktørar frå regionen tek del i folkefesten.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Frå dørene opnar klokka 13 og i fire timar framover legg vi opp til ei markering som skal fengje gammal og ung, seier arrangementskoordinator Tonje Alvestad i Ulsteinkonsernet.

Rikhaldig
For dei yngste vert det to gongar sett opp eit eige familieshow der det vert eit attersyn med kaptein Blåtann, sist sett under Ulsteindagane, ein ballongklovn og Eirik "Elvis" Riise frå Hareid. Brattvåg Trommekorps vert også til stades her og der. Det vert óg to jubileumsframsyningar der ein mellom anna kan sjå og høyre indierockbandet Pikkabird frå Ulstein/Hareid, sverddans med vikingar frå Herøyspelet, dansarar frå kulturskulane i Ulstein og Herøy, koret Sirene frå Herøy og á cappella-gruppa Hareidsgutane frå Hareid. I tillegg vert det trikseskule med Hødd og sverdkurs med vikingar frå Herøyspelet, barneskular i Ulstein har laga til ei utstilling med temaet "Bygda mi og framtida", og det vert ei historisk utstilling med modellbåtar og bilete.

To skip under bygging
Det er for tida to skip under bygging ved Ulsteinkonsernet: "Olympic Triton" ligg ved kai, og skal leverast til reiarlaget Olympic i oktober. Skipet ligg utanfor det sikra området, men sjåast godt på avstand. Skroget til det andre skipet, kolossen Island Constructor for reiarlaget Island Offshore, ligg inne i dokkhallen, og kan dermed studerast på nært hald.

Innandørs
Sidan veret ikkje ser ut til å vere med oss, vert dei større arrangementa trekte innandørs. Vi minner elles dei føresette om å sjå godt etter borna når dei er her. Trass i at vi har gjort mykje sikringsarbeid i høve feiringa, går alt føre seg på ein industriarbeidsplass. Det gjer at ingen born under 12 år får kome inn utan i følgje med vaksne, understrekar Alvestad.

Starta i det små i 1917
Ulsteinkonsernet starta i 1917 som ein liten mekanisk verkstad som reparerte fiskebåtar. I dag arbeider konsernet innan områda skipsdesign, skipsbygging og elektro- og kontrollsystem. Selskapet har 600 tilsette, og har aktivitet i fleire land.