Gå til innhold
Annonse
Fornøgde med ny kontrakt; Administrerande direktør ved Ulstein Verft Karsten Sævik,  innkjøpssjef ved Ulstein Verft Roar Stenersen og salsansvarleg i Terex,  Per Holm.
Fornøgde med ny kontrakt; Administrerande direktør ved Ulstein Verft Karsten Sævik, innkjøpssjef ved Ulstein Verft Roar Stenersen og salsansvarleg i Terex, Per Holm.
Annonse

Ulstein Verft har signert kontrakt om kjøp av ei stor beltekran. Krana er av typen Terex CC2800-1 og har heile 600 tonns løftekapasitet. Innkjøpet av krana er ei stor investering for Ulstein Verft.

- Ved å investere i denne krana vil vi auke løftekapasiteten her ved Ulstein Verft. Vi vil også bli betre rusta for satsinga vår innan ettermarknad, og vi vil kunne tilby eksterne tenester då krana kan fraktast rundt på lekter, fortel avdelingsleiar Service Håkon Langeland i Ulstein Verft.

Lang og grundig prosess
Ulstein Verft har gjort grundig arbeid i forkant av investeringa på omlag 5 millionar euro, og har hatt fleire, alternativ til vurdering. - Vi har mellom anna vore i forhandlingar med kranleverandørar i Spania og USA, men vi hamna på Terex i Tyskland då dei kunne tilby ein god kontrakt på ei kran med dei kapasitetane vi var ute etter. Terex sitt tilbod hadde ei passande leveringstid til ein konkurransedyktig pris, seier administrerande direktør Karsten Sævik i Ulstein Verft, som legg til at krana skal leverast i veke 50 i 2009.

Terex CC2800-1
Terex CC2800-1

- I kontrakten er det også lagt inn gode avtalar i forhold til oppstart og kursing. Dei som skal jobbe med krana vert sende til Tyskland for opplæring, og i oppstartsfasen vil Terex sende ein person som skal bistå ved samansetjing og oppstart i 12 dagar her ved verftet, fortel Sævik.

Annonse