(Foto: Gunder Tande Sandersen)

Tok levering av nytt PSV fartøy

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Torsdag 19. juni overtok Island Offshore plattform forsyningsfartøyet M/V Island Dragon frå Vard Brevik verftet. Dette er det fjerde fartøyet av denne typen, levert frå same verftet til Island Offshore på under eit år, og enda to er undervegs.

I går var det stor ståhei ved verftet i Brevik då bygdefolket og dei tilsette ved verftet var inviterte om bord. Drøye 500 personar kom på besøk, og fekk omvisning av mannskapet som nyst har mønstra på Island Dragon. På kaia stod verftet for servering til alle oppmøtte, i tillegg til konkurransar, hoppeslott og gåver til borna. Førstkomande laurdag vert det dåp ved verftet, før Island Dragon tek gjestane til Kragerø for vidare markering av den store dagen, skriver Island Offshore på sin facebook-side.

- Det er sjeldan vi tek levering av ein båt som er så komplett og fiks ferdig som denne gongen. Island Dragon framstår som eit prakteksemplar, og verftet og mannskapet skal ha all ære for at båten ser så flott ut i dag. Vi er stolte av å kunne vise fram Island Dragon, og føler oss trygge på at kunden vil motta ein båt dei vert nøgde med, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.