Gunvor Ulstein måtte tåle røde tall i fjor. Foto: Sigbjørn Larsen.

Tøffe tak for Ulstein

Ulstein Group hadde i 2018 ei omsetning på 1,89 milliard kroner og eit driftsresultat på -211,6 millionar kroner. Dette skuldast mellom anna svak utnytting av kapasiteten i delar av konsernet, store omstillingskostnadar og tap på einskilde prosjekt.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Nøkkeltal for Ulstein Group

Driftsinntekter 2018: 1,89 milliard kroner (2017: 1,1 mrd kr)
Driftsresultat 2018: -211,6 millionar kroner (2017: -326,2 mill. kr)
Ordinært resultat før skatt 2018: -310,8 millionar kroner* (2017: -359,8 mill. kr)

* av dette er 55,7 millionar kroner relatert til ekstraordinære nedskrivingar.

- Både Ulstein Group og heile den maritime næringa har vore gjennom omfattande endringar dei siste åra, dette tek tid og krev mykje kapital, fortel konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group i ei pressemelding.

- Tala våre syner ei betring på drifta for 2018 i forhold til 2017, men omstillingsprosessen har tatt lang tid og den har vore svært krevjande. Vi har jobba hardt for å posisjonere oss i nye segment og meiner at dette arbeidet vil gi resultat over tid, seier ho og held fram:

- Ordrebøkene er fylt med kontraktar med kundar som vi ikkje kjende før 2015 og kampen om nye kontraktar har vore og er fortsatt svært tøff. Vår evne til å forstå kundane sine behov, vinne kontraktar og gjennomføre prosjekta med lønsemd blir avgjerande for å lukkast framover.

RoPax og Cruise

Ved Ulstein Verft ligg passasjerferja “Color Hybrid”, verdas største plug-in hybridskip for Color Line, som skal leverast til sommaren. I dokkhallen ligg det første ekspedisjonscruiseskipet som skal leverast til Lindblad Expeditions/National Geographic. Endå eitt skip er bestilt og ein opsjon på eit tredje ligg føre. I tillegg har Ulstein Design & Solutions inngått heile fem kontraktar for bygging i Kina med CMHI/SunStone, samt at det ligg inne fem opsjonar.

Offshore vind

- Vi har levert ei rekkje offshore vind servicefartøy dei siste åra og fortsatt har vi eitt i ordreboka. Havvind er ein marknad som er venta å auke vesentleg framover og vi meiner at vi er godt posisjonerte til å ta del i denne veksten. Saman med Lindblad II og kabelleggaren som skal leverast til Nexans i 2021, så meiner vi at utsiktene til å skape resultat framover er gode, avsluttar Ulstein.