Arkivfoto: Bildet er fra Palfingers pressekonferanse på SMM 2016 om sammenslåingen med Harding. F.v. Karl Oberreiter, Herbert Ortner og Styrk Bekkenes. Foto: Vibeke Blich

Styrk Bekkenes gir seg som toppsjef i Palfinger Marine

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Administrerande direktør i Palfinger Marine, Styrk Bekkenes, har ifølge ei pressemelding, slutta i stillinga si og overlèt roret til andre.

– Med dei styrkane som ligg i selskapet, i form av både personell og produkt, er Palfinger Marine, veldig godt førebudd på å vere den føretrekte leverandøren av kranar, livredningsutstyr og vinsjar til skip og installasjonar over heile verda. Vår breie dekning i ulike marknadssegment gjer også at selskapet er betre førebudd enn nokon gong på å handtere variasjonar i aktiviteten mellom dei ulike marknadene me opererer i. Med Palfinger Marine i ei slik stilling, føler eg at tida er komen for meg til å søke nye utfordringar. Eg er svært takksam for tida eg har hatt i selskapet og for alle dei flotte kollegaene som eg har vore så heldig å få jobbe og samarbeide med, seier Styrk.

Etter å ha kome frå stillinga som administrerande direktør i Harding Safety, har Styrk vore direktør for Palfinger Marine sidan januar i år. Før det var han eine halvparten av den doble leiarskapen som selskapet hadde etter oppkjøpet av Harding i 2016.

Styrk har brukt størstedelen av tida si i PALFINGER MARINE til å sameine og integrere dei mange oppkjøpa selskapet har gjort for å skape ein sterk leverandør av dekksutstyr.

Herbert Ortner, konsernsjef i Palfinger, seier i en uttale at dei takkar Styrk for hans store bidrag dei siste åra, og ønskjer han alt det beste i hans framtidige arbeid.