Gå til innhold
Annonse
Den tidlegare skjell-trålaren ex MV «Kovda» skal no byggast om ved Los Marine på Rubbestadneset
Den tidlegare skjell-trålaren ex MV «Kovda» skal no byggast om ved Los Marine på Rubbestadneset

Reiarlaget Pesquera Azul Norge AS (PAN) har valt LOS Marine AS som utførande verkstad for ombygginga av den tidlegare skjell-trålaren ex MV «Kovda» (originalt bygd somMV «Leiranger»). Verdien på kontrakten er på over 100 millioner kroner.

Annonse

- Det er svært gledeleg at PAN vel LOS Marine AS til denne jobben, seier ein fornøgd dagleg leiar Olav Hilmar Koløy i LOS Marine AS i ein pressemelding.

Han seier at dette oppdraget vil har stor betydning for LOS Gruppa på fleire måtar, då ein av underleverandørane er LOS Elektro AS. Dette oppdraget vil gå inn i historia som det største som har vorte utført ved kaiane i Rubbestadneset, og det er også den blant de største kontrakten som nokon gong har blitt teikna i LOS Gruppa.

Olav Hilmar Koløy Foto: Vegard Rosland
Olav Hilmar Koløy Foto: Vegard Rosland

- Me ønsker og ta på oss større ombyggingar av skip er en ny strategi å dette er starten på ein ny framtid for Rubbestadneset. I tillegg utviklar vi verftet for vedlikehald av elektro/automasjon og roterande maskineri. For å møte den verden med moderne skip som også har batteri og hybride løysningar, sier Koløy.

Pesquera Azul Norge AS vart skipa i 2018 og det ombygde fartøyet skal i hovudsak nyttast til linefiske etter tannfisk i Sørishavet. Reiarlag er eigd av lokale aktørar som alle har lang fartstid innan fiskeri både i Noreg og internasjonalt.

Dette prosjektet er veldig spesielt då fartøyet vert pilot for innovative løysingar designa av gründerbedrifta Sago Solutions AS. Dette omfattar ein unik hekk med basseng for setting og draging av liner, samt at fartøyet vil ta i bruk konseptet ved namn Sago Extreme. Sistnemnte av-anglar og sikrar fangsten allereie ved sjøbotn og skal hindre at ein mistar fangst til blant anna kval.

MV «Kovda» vart bygd i 1987, ved Aukra Industrier. Den er 59,50 meter lang og 13,10 meter brei. Båten var solgt frå russiske interesser i juni 2018

Annonse