Administrerande direktør i STADT, Hallvard L. Slettevoll

STADT med kontrakt på eit nytt marineprosjekt for NATO-land

Elektriske framdriftssystem for militære skip er i framvekst , og med sin patenterte STEALTH – teknologi basert på Lean Propulsion, har STADT no signert viktig kontrakt for eit nytt stort militært fartøy.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Omfang og detaljar om prosjektet  vert ikkje offentleggjort no, men det er ei svært betydningsfull kontrakt, som STADT har vunne i konkurransen med langt større internasjonale konkurrentar, heiter det i ein pressemelding frå selskapet  

Eit avgjerande konkurranseførtrinn med STADT sin Lean Propulsion teknologi, er at den er støyfri på alle vis, robust, kompakt og treng ikkje kjøling. Det gir meir effekt ut til propellane, og sparer inntil 6 % energi i forhold til STADT sine konkurrentar på elektrisk framdrift . Dette betyr at skipa med STADT- teknologi vert svært miljøvenlege, med opp til ei halvering av energibruk og klimautslepp i forhold til tidlegare brukt framdriftsteknologi på militære skip, heiter det.

STADT leverte i 2018 eit stort system til SAAB i Sverige, også det til militært skip. Med den nye kontrakta no, befestar  STADT  sin posisjon i det militære skipsmarknaden.  Hallvard Slettevoll, direktør i STADT AS, trur at endå fleire forsvarskontrakter vil kome snart.    

STADT merkar også stor interesse  frå kommersiell shipping internasjonalt, innan eit stort spekter av skip  som ynskjer ei eller anna form for miljøvenleg elektrisk framdrift.  Mange av prosjekta inneheld LNG som energikjelde, gjerne kombinert med diesel og batteri.  STADT leverer fullt integrerte løysingar, også propellsystem i samarbeid med sine partnarar.  STADT teknologien er skalerbar opp til svært høge effektar, som dekkjer propulsjonsbehovet til skip i alle størrelsar.