Gå til innhold

Skulle frakte laks - No er skipssatsinga kravd konkurs av tilsett

Green Ships Design, eigd og drive av Magnar Hellesøy (t.v.), er no kravd konkurs av tilsett Jan Evald Såtendal (nr. to frå høgre). Biletet er tatt på presentasjonen av styre, tilsette og støttespelarar på opningsdagen. Foto: Håvard Sætrevik, Grenda Lokalavis.

1. september opna Magnar Hellesøy kontoret til Green Ship Design i Rosendal. No er selskapet kravd konkurs av tilsett.

I følgje berammingslistene til Sunnhordland Tingrett skal det 16. februar haldast «rettsmøte til behandling av konkursbegjæring». 

- Eg har ingen kommentar til saka før me har vore i tingretten, seier Jan Evald Sørensen Såtendal som står som eine parten i saka til lokalavisa Grenda.

Magnar Hellesøy som stifta Green Ship Design ynskja å byggja ein 90 meter lang og 32,5 meter brei katamaran, med stort overbygd dekk med plass til 50-55 semihengjarar med laks. På vegen tilbake til Noreg skulle fartøyet ha med grønsaker og tulipanar. Klikk for større bilete. Illustrasjon: Green Ship Design

Grenda har ikkje lukkast å koma i kontakt med Hellesøy for å få hans kommentar til at bedrifta hans må møta i tingretten.

Selskapet Magnar Hellesøy oppretta hadde store planar for blant anna lakseeksport med hurtiggåande katamaranar frå Vestlandet til Rotterdam i Nederland på 18 timar.