ULSTEIN THOR klar til å ladde opp eit anna skip. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Skipsdesignkonsept frå Ulstein kan løyse nullutsleppsutfordringane

Ulstein har lansert eit fartøykonsept som kan gjere visjonen om nullutsleppscruise til verkelegheit. Konseptet har fått namnet ULSTEIN THOR, eit 149 meter langt fartøydesign for etterfylling, forsking og redning som nyttar ein thorium-saltsmeltereaktor (MSR) for å generere store mengder rein, sikker elektrisitet. Dette gjer fartøyet i stand til å fungere som ein mobil kraft-/ladestasjon for ein ny type batteridrivne cruiseskip.

Publisert Sist oppdatert

Ulstein meiner konseptet, heretter omtalt som ‘Thor’, kan vere den manglande brikka i puslespelet om nullutslepp for ei rekke applikasjonar innan det maritime området og havindustrien. For å demonstrere korleis konseptet kan takast i bruk har Ulstein også utvikla ULSTEIN SIF-konseptet, heretter omtalt som ‘Sif’; eit 100 meter langt cruiseskip for nullutsleppsekspedisjonar og med plass til 160 personar. Skipet har isklasse 1C, er batteridrive og brukar ‘Thor’ for å ladde opp medan det ligg ute på sjøen, heiter det i ei pressemelding.

Ei enkel løysing på ei langvarig utfordring

- Måla, ambisjonane og miljøkrava til nullutsleppsoperasjonar er drivarane, men til no har vi ikkje hatt løysinga, kommenterer konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti i Ulstein.

– Vi meiner at ‘Thor’ er det svaret vi har sett etter. ‘Thor’ er ein flytande fleirbruks-kraftstasjon som kan mogleggjere ein ny batterirevolusjon.

Laddefartøyet som har kobla laddekabelen til ULSTEIN SIF. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

- Ekspedisjonscruiseskip opererer i stadig meir fjerntliggande og sårbare område. Samtidig står næringa overfor aukande press frå ulike hald for å ta vare på naturen og redusere miljøpåverknaden frå cruise. Med ‘Thor’ vert det mogleg å gi påfyll av energi og forsyningar i feltet. Samtidig har ‘Thor’ teknologien og fasilitetane til også å kunne nyttast til forskingsaktivitetar og redningsaksjonar, noko som er ei avgjerande brikke i infrastrukturen for berekraftige og trygge operasjonar. ‘Thor’ har, bokstaveleg talt, krafta som skal til for å endre heile industrien.

Energien til å transformere

Thorium kan ha eit stort potensial for den maritime industrien som er på jakt etter grøne alternative drivstoffkjelder. Saltsmeltereaktorar er sikre, effektive og operativt utprøvde løysingar som fungerer ved at thorium, eit metall med lav radioaktivitet og som finst i store mengder i naturen, vert løyst opp i flytande salt. Den påfølgande kjedereaksjonen varmar opp saltet og produserer damp. Denne driv ein turbin som produserer straum.

Desse prosessane er godt dokumenterte for bruk på land, medan potensialet for å levere rein kraft på det maritime området fram til no ikkje har vorte innarbeidd i eit fartøydesign. Ulstein, kjende for utviklinga av det innovative X-BOW®-designet, ser ei moglegheit til å endre på dette, i ei løysing som potensielt kan bli eit paradigmeskifte i rein kraft for cruise og andre maritime operasjonar.

Ladekapasiteten til ‘Thor’ har vorte skalert til å støtte kraftbehovet til fire ekspedisjonscruiseskip samtidig. ‘Thor’ vil sjølv aldri trenge kraftpåfyll, og kan ut frå dette vere eit utgangspunkt for dei sjølvforsynte fartøya i framtida.

Skaper engasjement

Når det gjeld kor eigna thorium-saltsmeltereaktorar er som energikjelde for maritime applikasjonar, kommenterer Jan Emblemsvåg, professor ved NTNU og ekspert på thorium og kjernekraftproduksjon, følgjande:

- Saltsmeltereaktorar har eit enormt potensial til å kunne gjere skipsfarten utsleppsfri. Det er så mykje usikkerheit rundt framtidas drivstoff, men her har vi ei energikjelde som finst i store mengder og som, med rett tilnærming, er trygg, mykje meir effektiv, rimelegare og med mindre miljøavtrykk enn noko eksisterande alternativ. Frå mitt perspektiv ser eg dette som den mest levedyktige, og potensielt den einaste truverdige, løysinga for ein utsleppsfri flåte som kan operere på kommersielle vilkår og kostnadsnivå. ‘Thor’-konseptet er akkurat den typen innovasjon vi treng for berekraftig suksess til sjøs.

Viktige utviklingssamtalar

Både ‘Thor’ og ‘Sif’ har Ulstein sin lett kjennelege X-BOW®-design, utvikla for høgare operabilitet, funksjonalitet, komfort og drivstoffeffektivitet.

‘Thor’ har ein helikopterlandingsplass, brannsløkkingsutstyr, redningsbommar, arbeidsbåtar, autonome båtar og luftborne dronar, kraner, laboratorium og ein forelesingssalong.

‘Sif’ har plass til opptil 80 passasjerar og 80 mannskap, og tilbyr stillegåande nullutsleppsekspedisjonar til avsidesliggande område, inkludert arktiske og antarktiske farvatn.

- Her viser vi to konsept i eitt for å gi eksempel på ein reinare, tryggare og meir berekraftig veg framover for cruiseskipseigarar og -operatørar, for ikkje å gløyme den maritime industrien generelt, fortel sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg i Ulstein. - Ved å tilnærme oss utfordringa frå ei ny retning er ‘Thor’ og ‘Sif’ eksempel på kva som er mogleg.

- Vi har stor tru på denne løysinga og ønskjer å starte ein utviklingsdialog om korleis vi kan bidra til å mogleggjere dei naudsynte endringane, seier Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions, og legg til: - Eg er spent på å sjå kvar ‘Thor’ og ‘Sif’ kan føre oss i retning av nullutslepp.